Hopp til innhold
X
Innhald

Gilde

Gilde, nemning på ulike samanslutningar. Gilda hadde opphav i drikkelag som utvikla seg til fastare foreiningar i høgmellomalderen.

Gilde, nemning på ulike samanslutningar som er kjende frå heile Europa i mellomalderen. Gilda hadde opphav i drikkelag som vart haldne ved religiøse festar – både før og etter kristninga av Noreg. Desse utvikla seg til fastare foreiningar i høgmellomalderen. Samanslutningane skulle sørgje for dei felles interessene til medlemmene, både sosialt og økonomisk. Kjøpmenn i byane danna eigne gilde, og desse fekk ei førande kulturell stilling. I seinmellomalderen vart dei utfordra av handverkslauga.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 09.03.2018