Hopp til innhold
X
Innhald

Gropkeramikk

Gropkeramikk, buplassfunn som er kjende frå ei rekkje lokale kulturar frå den yngre steinalderen, spreidd over Danmark, Sør-Sverige og Sør-Noreg.

Namnet kjem av dekoren, som er gropforma, truleg for å hindre at keramikken skulle sprekkje under brenning.

Keramikken har gitt namn til kulturgrupper som er kjenneteikna ved at dei sameinte jordbruk og fangst, slik at dei erstatta dei tidlegare traktbegerkulturane. Gropkeramiske kulturgrupper utvikla nye verktøy, og særleg viktige var dei kraftigare bogane og dei meir sjødyktige båtane.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 30.01.2017