Gutasoga er ei soge om Gotland før kristninga, skriven på forngutnisk.

Soga er ein del av den gamle gotlandske lovsamlinga, som fortel om fortida til øya, og forteljinga handlar såleis mykje om det rettslege forholdet mellom Sveariket og gotlendingane. Kristninga av øya er ein viktig del av handlinga, og Olav den heilage spelar ei avgjerande rolle. Gutasoga har mytiske delar, men også delar som er historisk truverdige – til dømes om kyrkjebygging. Teksten stammar frå 1200-talet, kanskje så tidleg som 1220.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg