Hopp til innhold
X
Innhald

Handfesting

Handfestinga var ein avtale mellom riksråd og kongsemne.

Handfesting eller valhandfesting, ein spesiell type forfatningsdokument som oppstod i Norden i seinmellomalderen. Handfestinga var ein avtale mellom riksråd og kongsemne om dei hovudprinsippa kongen måtte følgje i styret sitt. I hovudsak var det snakk om krav om å styre etter lov og rett, å overhalde eksisterande privilegium og om den politiske stillinga til riksrådet.

Desse avtalane var eit viktig utviklingstrekk for rettsstaten og rettsstatstenkinga. Handfestingane var ein føresetnad for kongeval og er også kalla mellombelse grunnlover som gjaldt for styringstida til kvar konge. Den første norske handfestinga vart stadfesta av Christian I i 1449.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 18.05.2016