Håkonjarl

Håkon Sigurdsson (935–995) var ein norsk Ladejarl. Her er han slik forfatter og kunstnar Christian Krohg forestilte seg han.

Håkonjarl
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Jarl var ein norrøn tittel for høvdingar, nest etter kongen i rang, tilsvarande den angelsaksiske earl. Seinare vart jarl ein tittel kongane tildelte særleg høgtståande menn i riket. Frå omkring 1200 var tittelen jarl sjeldan i bruk hos andre enn personar i slekt med kongehuset.

Etymologi og opphav

Tittelen er truleg i slekt med nemninga erilaz, som er kjend frå innskrifter i den eldre futharkenrunesteinar og amulettar frå romersk jernalder og folkevandringstida. Ordet er også i slekt med den angelsaksiske adelstittelen eorl, seinare earl. Alle desse nemningane har eit mogleg etymologisk opphav i det urgermanske erǭ, som tyder kamp eller strid. Etymologien er også sett i samband med dei nordgermanske herulane (200–400-talet). Ein reknar derfor med at jarl har opphav i ein militær tittel frå den eldre jernalderen.

Jarl som høvdingtittel

Ordet er seinare kjent i Noreg frå kvadet «Håløygjatal» frå seint på 900-talet. I eddakvadet «Rigstula» er jarl ein av tre stender, saman med trell og fri bonde (karl). I løpet av merovingartida utvikla jarl seg til å bli ein sjølvstendig høvdingtittel, og hos Snorre finn vi mellom anna jarlesetet Naumdøla. Harald Hårfagre skal ha gitt nemninga til regionale styringsmenn under kongen, som igjen rådde over minst fire lokale høvdingar, hersar. Håløyjarlane, som rådde over Hålogaland, skal om lag samtidig ha flytta setet sitt til Lade, ved Trondheimsfjorden, og der skal dei ha byrja å kalle seg ladejarlar. Hos Håløygætten, Ladejarlene, var jarl nærast ein arveleg fyrstetittel.

Jarlane vart dermed utfordrarar til kongemakta, særleg ettersom ladejarlane hamna i strid med kongsætta på 900-talet. Ladejarlane allierte seg med danekongen mot sønene til Eirik Blodøks (Eirikssønene) og styrte så Noreg i åra 970–995, 1000–1015 og 1028–1029, som lensherrar for den danske krona. Olav den heilage skal under si styringstid (1015–1028) samtidig berre ha utnemnt éin jarl, som sin næraste underordna. Jarl vart også nytta om styringsmennene på det norske skattlandet Orknøyane, der tittelen gjekk i arv.

Mot slutten av høgmellomalderen gjekk jarletittelen ut av bruk. Skule jarl fekk i 1237 tittelen hertug av kong Håkon Håkonsson, som sette han høgare i rang enn jarl. I hirdskråa, slik ho vart vedteken av Magnus Lagabøte mellom 1273–1277, vart jarlane òg sette under ein hertug. Etter at erkebiskop Jørund døydde i 1309, vart tittelen jarl berre gitt til kongssøner og styringsmenn på Orknøyane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg