Hopp til innhold
X
Innhald

Jomsvikingane

Jomsvikingane er namnet som vert brukt om ei mytisk gruppe av leigesoldatar og sjørøvarar søraust i Austersjøen, som skal ha vore verksame frå 960 til 1043. Denne gruppa var tidvis skadeleg for handelen i området og skal difor ha vorte nedkjempa av Magnus den gode. Størst innverknad på norsk historie hadde dei då dei tapte for Håkon jarl i slaget ved Hjørungavåg.

Jomsvikingane var ei gruppe krigarar som ifølgje sogene heldt til i Jomsborg i Vendland, ved sørkysten av Austersjøen, i dagens Polen. Soga om jomsvikingane seier at borga Jomsborg vart oppretta i år 960 av den fynske hovdingen Palnatoke. Området Jom fekk han av kong Burislav av Vendland, som var redd for at Palnatoke ville røve riket hans. Jomsviking-hovdingen Sigvalde jarl skal seinare ha fått fullt sjølvstende for borga og giftemål med dotter til Burislav, etter ei bortføring av den danske kongssonen Svein Tjugeskjegg til Jomsborg.

 

Brorskapen på Jomsborg var samansett av menn mellom 18 og 50 år, av ulikt etnisk opphav, og mange stormenn kom til. Kvar sommar fór dei ut og herja, og dei vart vidgjetne for åtaka sine. Jomsvikingane vert oftast omtalte som leigekrigarar som ofte gjekk i teneste for dei danske kongane.

 

Mest kjend i norsk historie er jomsvikingane si rolle i slaget ved Hjørungavåg. Slaget var eit overfall på Håkon ladejarl, danskekongen sin underkonge, som hadde vorte for eigenmektig. Fleire av dei mest kjende jomsvikingane var med her, i det som er rekna som eit av dei største nordiske slaga i vikingtida. Jomsvikingane møtte ein svær norsk sjøstyrke og måtte til slutt gi tapt. Mange jomsvikingar fall. Seinare spela dei òg ei rolle i slaget ved Svolder, der Olav Tryggvason fall. Til slutt vart Jomsborg øydelagt av den norske kongemakta.

 

Jomsvikingane er kjende frå fleire soger og har såleis truleg ei historisk kjerne. Kjeldene er likevel usamde om dei historiske tilhøva. Fagrskinna hevdar det var kong Harald Blåtann som oppretta Jomsborg, som ein slags koloni, truleg for å få betre hand om handelen rundt Austersjøen. Likeins hevdar Saxo Grammaticus i Danmarks krønike at kong Harald «bemægtigede […] sig Slavenland med Vaabenmagt og lagde en stærk Besætning i Julin».

 

Usikre kjelder

Forteljingane om jomsvikingane finst i ei rekke kjelder og soger, mellom anna i Fagrskinna, Heimskringla og Adam frå Bremens Gesta Hammaburgensis. Kjeldene er likevel innbyrdes motstridande når det gjeld opphavet og verksemda til brorskapen. Adam frå Bremen kallar til dømes Jomsborg hovudstaden til slavarane. Dei usikre kjeldene gjer at historia om jomsvikingane er innhylla i mystikk.

 

Den mest omfattande skildringa av jomsvikingane finst i Soga om jomsvikingane, som har vore overlevert munnleg gjennom to hundre år, før ho vart skriven ned kring år 1200. To ulike versjonar finst av det opphavlege skriftet, der den eine er meir omfattande enn den andre. Den delen av soga som tek for seg Palnatoke si slekt, kan ha vore skriven etter sjølve soga.

 

Omstenda er endå meir usikre ved at Jomsborg aldri har vore påvist arkeologisk. Ifølgje Snorre låg Jomsborg i Vendland ved Austersjøen. Staden der borga låg, har ikkje vore stadfesta, men mest truleg låg Jomsborg på øya Wollin i munningen av elva Oder, i dagens Polen. Som nemnt viser òg Saxo til korleis festningsverket skal ha lege ved Julin/Wollin. Her er det òg funne restar av ei borg frå jernalderen. Denne borga liknar ikkje heilt på borga som er skildra i Soga om jomsvikingane, og forfattaren kan difor ha kjent til denne borga og så dikta om ut frå kjennskap til nordiske træleborger.

 

Hjørungavåg

Kring 985 fall danskekongen Harald Blåtann etter eit slag mot Svein Tjugeskjegg, son sin. Jomsvikinghovdingen Palnatoke skal ha vore drapsmannen. Same året fall skånekongen Strut-Harald, far til jomsvikingane Sigvalde jarl og Torkjell Høge. Svein baud no til erveøl, gravøl, med jomsvikingane til stades. Sterk drikke flaut, og utover kvelden vart det lova store ting i ein såkalla brageskål: Svein svor at han skulle hærta England innan tre år, Sigvalde at han skulle ta Noreg frå Håkon Sigurdsson jarl. Ein slik bragelovnad kom ein ikkje frå, og ikkje lenge etter segla jomsvikingane med dansk støtte nordover og møtte der Håkon jarl til slag ved Hjørungavåg på Sunnmøre.

 

Koplinga til erveølet fastset tidspunktet for slaget til år 985/986. At jomsvikingane vart lurte til å vere med i toktet mot Håkon ladejarl vert i sogene oppfatta som hemn frå kong Svein fordi Sigvalde jarl hadde bortført han til Jomsborg, tvinga han til å slutte fred med venderkongen Burislav og til å seie frå seg skatteretten over Vendland. Leiande jomsvikingar som skal ha fare mot Håkon jarl, var forutan Sigvalde og Torkjell, Bue Digre og Vagn Åkesson. Dei segla nordover med det som ifølgje Fagrskinna var 60 skip. Ved Hjørungavåg møtte dei ein flåte som Håkon jarl hadde samla, og den var tre gonger så stor.

 

Slaget skal først ha gått godt for jomsvikingane, men etter kvart vart overmakta for stor. Sigvalde jarl skal då ha flykta frå slaget og vert difor vanæra i sogene. Bue Digre heldt lovnaden sin og kjempa til han stupte. Vagn Åkesson vart fanga av Eirik, son til Håkon, men fekk sleppe fri i nåde, såkalla grid. Det enda slik med eit stort nederlag for jomsvikingane, og danskekongen gjorde ikkje nye åtak mot Håkon jarl, som heldt fast ved styret i Noreg i ti år til.

 

Svolder

Styret til Håkon jarl vart etter kvart illgjete. I 995 vart han styrta av Olav Tryggvason. Kong Olav blanda seg inn i tilhøva ved Austersjøen og Svein Tjugeskjegg si makt der. Etter fem år ved makta segla han austover, der han fall i eit bakhald sett opp av kong Svein, sveakongen Olof Skötkonung og sønene til Håkon jarl, Eirik og Svein. Her spela jomsvikingane på ny ei viktig rolle.

 

Sigvalde jarl skal ha vore pådrivar for å leie Olav Tryggvason inn i bakhaldet. Ifølgje Snorre skal dei ha segla saman til området kalla Svolder, truleg ved Rügen, sør i Austersjøen. Her skal så Sigvalde sine menn ha snudd seg mot kong Olav, som vart nedkjempa og fall. Etter slaget fekk ladejarlane på ny styringa over Noreg. Judasrolla Sigvalde her spela, har leidd fleire til å stille spørsmål ved om han var ein ekte person. Sigvalde jarl dukkar heller ikkje opp i sogene meir, medan Torkjell Høge skal ha leidd ein svær hær som herja i England frå 1009 til 1012, der Olav Haraldsson var med.

 

Jomsborgs endelikt

Magnus den gode, son av Olav den heilage, vart norsk konge i 1035, og i 1043 vart han òg konge over Danmark. Som dansk konge måtte han verne Jylland mot åtak frå det vestslaviske folket venderane. Som ledd i denne striden herja kong Magnus vendiske kystområde sommaren 1043. Då skal han ha brent ned Jomsborg og ha drepe innbyggjarane der, truleg òg som straff for støtta deira til Svein Estridsson, som leidde eit dansk opprør mot Magnus.

 

Kjelder

Stein Ugelvik Larsen (red.): Soga om Jomsvikingane, innleiing ved Stein Ugelvik Larsen. Hareid Historielag 1992

Jakub Morawiec: Vikings among the Slavs. Jomsborg and the Jomsvikings in Old Norse Tradition, bd. 17 av Studia Medievalia Septentrionalia. Wien 2009

Hans Jacob Orning. Norvegr. Norges historie, bd. 1: Frem til 1400. Oslo 2011

 

Peikarar

Ólafur Halldórsson: Jómsvikinga saga, heimskringla.no 

Stein Ugelvik Larsen (red.): Soga om Jomsvikingane, nb.no 

Frans-Arne H. Stylegar: «Jomsborg», Arkeologi i nord, arkeologi.blogspot.no 

«Jómsvíkingadrápa», etter Bjarni byskup Kolbeinsson, heimskringla.no 

Først publisert: 28.09.2017
Sist oppdatert: 28.09.2017