Schoutbynacht var den lågaste admiralsgraden i Danmark-Noreg og Sverige før 1771, då han vart erstatta av kontreadmiral.

Faktaboks

Uttale
skˈautbeinakt
Etymologi
av nederlandsk schout-bij-nacht, ‘fogd/magistrat om natten’

Nemninga er henta frå nederlandsk schout-bij-nacht som framleis er gradsnemning for kontreadmiral i den nederlandske marinen. Uttrykket tyder ’speidar om natta’ og viser derfor til den oppgåva schoutbynachten hadde med å leie nattlege forflyttingar. I seglskipstida var ein schoutbijnacht pålagd å vakte eller halde orden på den bakerste formasjonen til ein flåtestyrke eller konvoi om natta. Graden er også nytta i den russiske marinen. Ein kjend norsk schoutbynacht var Peter Wessel Tordenskjold.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg