Hopp til innhold
"Orla Lehman i fengselet", avbileta av Wilhelm Kock. Lehman blei fengsla for å arbeide for skandinavisme og demokratibygging i Sverige.
"Orla Lehman i fengselet", avbileta av Wilhelm Kock. Lehman blei fengsla for å arbeide for skandinavisme og demokratibygging i Sverige.
Foto: Statens museum for kunst. Falle i det fri.
X
Innhald

Skandinavismen

Skandinavismen, nemning på ei nordisk samarbeidsrørsle som særleg mellom 1830 og 1864 kom til å prege dei mellomnordiske forholda.

Opphavleg var rørsla reint kulturell og søkte å fremje vitskapleg og litterært samarbeid, men grunnlaget var likevel ein tanke om felles kulturarv.

Skandinavismen stod sterkast i Danmark og hadde lite oppslutning i Noreg før 1840. Særskild høg tilslutning fekk tankegangen i store universitetsbyar. Fleire større skandinavistiske studentmøte vart haldne frå 1843, særleg i København, Lund og Uppsala, men også i Christiania. Den vitskaplege og akademiske konsentrasjonen gjorde at rørsla aldri fekk noka brei folkeleg oppslutning.

Utviklinga av ein politisk skandinavisme

I løpet av 1840-åra fekk rørsla eit politisk preg, sjølv om ho aldri fekk nokon einskapleg ideologi. Utviklinga kom mykje av det danske forholdet til Schleswig-Holstein, som førte til aukande spenning mellom Danmark og Preussen. Schleswig-Holstein hadde lenge vore dansk interesseområde, men i denne perioden var området truga av eit styrka Preussen. Fleire danske skandinavistar håpa då at eit samarbeid med Sverige og Noreg kunne demme opp for den tyske trusselen. På same måten var det ein del i Sverige som tenkte at eit samskandinavisk forsvar ville demme opp for Russland.

For danske og svenske demokratar var den norske grunnlova eit mønsterbilete. Den politiske sida av skandinavismen vart derfor først sett på med skepsis i konservative miljø, særleg av den svenske kongemakta, som undertrykte rørsla og prøvde å få leiarfiguren Orla Lehmann fengsla. Kong Oscar I såg likevel med større velvilje på skandinavistiske synspunkt enn Karl Johan, ettersom han håpa å styrkje den svensk-norske unionen og på sikt samle ein skandinavisk union under kongehuset Bernadotte. Norske skandinavistar håpa på si side at ei dansk rolle i det som måtte bli ein føderativ stat, skulle skape motvekt til den sterke stillinga til Sverige.

Det dansk-tyske forholdet

Under den første slesvigske krigen frå 1848, der tyske styrkar støtta eit forsøk på å rive Schleswig-Holstein laust frå Danmark, fekk skandinavismen fleire tilhengjarar i Sverige og Noreg. Fleire frykta heile Skandinavia var truga militært. Oscar I lova å sende 15 000 svenske soldatar til Jylland og 3000 norske, som han fekk samtykke om frå det norske Stortinget, for å demme opp for tyske angrep. Fram til slutten av krigen i juli 1850 forsvarte svenske og norske styrkar Nord-Slesvig.

Den politiske skandinavismen kom såleis styrkt ut av den dansk-tyske krigen. Krimkrigen (1853‒1856) vart dessutan nytta til å understreke faren frå aust, særleg av politisk liberale og som kongeleg propaganda. Ei svekt russisk stilling etter krigen gav også Oscar I større utanrikspolitisk spelerom. Tanken om eit skandinavisk samband vart vekt til live, og skandinavistiske tilstellingar fekk offentleg svensk støtte. Eit kongeleg forsøk på tettare militært samarbeid med Danmark vart derimot avvist av danske Frederik VII og stemt ned i Sverige og Noreg,

I 1860-åra spissa dei dansk-tyske forholda seg til igjen. Overtydde skandinavistar argumenterte no sterkt for forsvarssamarbeid dersom det skulle kome til krig. Kong Karl IV, som kom til trona i 1859, følgde den utanrikspolitiske viljen til far sin, og lova i juli 1863 militær støtte på 20 000 menn dersom det skulle kome til ny dansk-tysk krig.

Dette eigenrådige løftet frå Karl IV møtte til gjengjeld sterk motstand i dei svenske og norske regjeringane. I februar 1864 gjekk så Preussen og Austerrike til angrep på Danmark, og hærsette Jylland. Det skapte eit heftig skandinavistisk oppsving, med støttande samlingar i Trondheim og Christiania. 31. mai 1864 vart det norske Skandinavisk Selskab danna, med mål om politisk skandinavisk samling.

Mot slutten for den skandinavistiske rørsla

Trass i skandinavistiske talsmenn på Stortinget vart det ikkje gjennomslag for å sende soldatar til Danmark. Det store fleirtalet støtta den anti-skandinaviske politikken til regjeringane i både Noreg og Sverige, og ønskte ikkje å bli dregne inn i ein større europeisk politikk. Det vart nådestøyten for den politiske skandinavismen.

Den kulturelle delen av skandinavismen heldt likevel fram. Skandinavisk Selskab heldt fram verksemda til 1871, sjølv om det opplevde sterkt dalande oppslutning også i studentkretsar. I Danmark og Sverige vart det danna liknande samfunn – Nordisk Samfund i Danmark og Nordiska nationalföreningen i Sverige.

Skandinavisme kan verke som ein motsetnad til den samtidige nasjonale oppvakninga, men for fleire skandinavistar var arbeidet derimot basert på eit utvida nasjonsomgrep, der ein la vekt på felles opphav og kulturelt uttrykk mellom skandinavar. Ei slik oppfatning finn ein i Skandinavisk Selskab. Andre kunne vere tilhengjarar av skandinavisk samarbeid og/eller skandinavistiske realpolitikarar, men setje norsk identitet over andre. Denne usemja i den skandinavistiske rørsla var med på å undergrave henne.

Først publisert: 27.02.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017