Torskekrigen var ei tilspissa konflikt mellom Island og Storbritannia om rettane til fiskeressursane i havområda nær Island. Konflikten blussa opp i tre omgangar i perioden 1958–1976, i takt med at Island hevda rettane sine lenger frå land. Ingen liv gjekk tapt i konflikten, som ikkje vart ført med våpen, men der det skjedde fleire dramatiske episodar på ope hav.

Faktaboks

Også kjend som

islandsk Þorskastríðin

engelsk Cod war

Konflikten

Då det viktige torskefisket vart dårlegare etter 1954, ønskte islendingane å utvide fiskerigrensene sine. I 1958 vedtok Island å utvide si eiga fiskerigrense til 12 nautiske mil frå kysten. Storbritannia, som hadde flytta mykje av torskefisket sitt frå Nordsjøen til områda kring Island, meinte at det ikkje fanst grunnlag for ei slik utviding. Torsk var ei viktig råvare for britane og nekta difor å trekkje trålarane sine utanfor grensa. Fregattar og jagarar frå den sterke britiske marinen vart sende for å verne fiskefartøya. Britane aksepterte den islandske 12‑milsgrensa i 1961.

I 1971 utvida Island fiskerigrensa til 50 nautiske mil, med verknad frå september året etter. Storbritannia og Vest-Tyskland meinte at dette braut med folkeretten. I torskekrigen tok den islandske kystvakta i bruk ein ny reiskap – trålsaksa. Med den kunne dei kutte den kostbare trålen til fartøy som nekta å rette seg etter påboda. Fleire kollisjonar og dramatiske episodar skjedde på ope hav. Konflikten enda med at britane godtok grensa, i byte mot at mindre britiske fartøy kunne halde fram med torskefiske innanfor grensa.

I 1975 oppretta Island ei økonomisk sone på 200 nautiske mil. Konflikten blussa opp igjen, med kollisjonar og kutting av britiske og tyske trålar. Alvoret i situasjonen kom tydeleg til syne ved at Island denne gongen braut det diplomatiske sambandet med Storbritannia. Begge var medlem av forsvarssamarbeidet NATO. Men sommaren 1976 gav britane opp, og alle statar godtok den nye 200-milsgrensa.

Havrettskonvensjonen av 1982

Nokre år seinare, gjennom Havrettskonvensjonen av 1982, gjorde FN 200-mils økonomiske grenser til generell regel. Havrettskonvensjonen seier at kyststatar har suverene rettar til undersøking og utnytting av naturressursane innanfor 200-milsgrensa. Konvensjonen slår òg fast at kyststatar skal forvalte fiskeressursane på ein forsvarleg måte og gi andre statar løyve til å fiske dersom det er overskot av fisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Guðni Thorlacius Jóhannesson: The History of Iceland. Santa Barbara 2013
  • Mark Kurlansky: Torsk. En biografi om fisken som forandret verden. Oslo 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg