Hopp til innhold
I Oseberggrava vart det funne fem utskorne dyrehovud. Ein veit ikkje sikkert kva desse vart brukt til. Foto: Kirsten Helgeland, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C55000_123).
I Oseberggrava vart det funne fem utskorne dyrehovud. Ein veit ikkje sikkert kva desse vart brukt til. Foto: Kirsten Helgeland, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. C55000_123).
X
Innhald

Vikingtida

Vikingtida, namnet som blir brukt om siste delen av den yngre jernalderen i Norden. I vikingtida vart dei nordiske rika samla og kristendommen innført.

Vikingtida, namnet som blir brukt om siste delen av den yngre jernalderen i Norden, ut frå den norrøne nemninga víkingr, som truleg tyder sjøferd, og som viser til omfattande nordisk verksemd i oversjøiske område i denne tida. Tidsrommet innleier òg den historiske tida i Noreg og Danmark – den første tidsalderen vi har skriftlege kjelder frå. For Sverige finst det berre runeinnskrifter frå denne tida. I vikingtida vart dei nordiske rika samla og kristendommen innført.

Runepinnar. Foto: Svein Skare, kjelde: © 2017 Universitetsmuseet i Bergen på unimus.no CC BY-NC-ND 3.0 (museumsnr. BRM0/12274).

Runepinnar. Foto: Svein Skare, kjelde: © 2017 Universitetsmuseet i Bergen på unimus.no CC BY-NC-ND 3.0 (museumsnr. BRM0/12274).

Tidfesting og kjelder

Vikingtida dekkjer eit omtrentleg tidsrom, men blir gjerne rekna frå angrepet på Lindisfarne i 793 til slaget ved Stamford Bridge i 1066. I hundreåra før vart skipsteknologien i Noreg utbetra. Ein byrja å setje segl på skipa, og det vart utvikla havgåande båtar. Dermed kunne ein reise lenger til sjøs på kortare tid. Betre skip la grunnlag for handelsverksemd, røving, oppdagingar og landnåm i område lenger vekke enn tidlegare og område ein måtte krysse sjøen for å nå.

Det finst fleire skriftlege kjelder om vikingtida, både norrøne soger og krøniker frå andre land. Det mest omfattande skriftet vi har over norske forhold, er Heimskringla av Snorre Sturlason, ei av fleire kongesoger som vart skrivne ned på Island på 1100- og 1200-talet. Ei avstand i tid på fleire hundreår gjer desse kjeldene usikre, og den empiriske verdien i Snorre og andre soger har vore mykje diskutert. Særleg bruken av samtidige skaldekvad gjer likevel at historikarar festar ei viss lit til opplysingane.

Store rikdommar som var oppnådde i viking, la grunnlaget for bygging av truskap gjennom gåveutveksling. Det styrkte maktsamlinga som hadde gått føre seg dei siste hundreåra, der mindre høvdingdømme vart erstatta av større, og så av eit kongeleg overherredømme. Samtidig gjorde gåvegrunnlaget maktforholda usikre, då truskapen kunne skifte etter som rikdommen gjorde det. I løpet av vikingtida endra herredømma seg derfor fleire gonger, men likevel er det i denne perioden ein ser dei første omrissa av det som seinare vart dei skandinaviske landa, samla under eit styre.

Osebergskipet vart bygt i Sørvest-Noreg rundt år 820 og er dekorert med dyreornamentikk. Skipet hadde plass til 30 roarar. Foto: Marie Guillaumet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Osebergskipet vart bygt i Sørvest-Noreg rundt år 820 og er dekorert med dyreornamentikk. Skipet hadde plass til 30 roarar. Foto: Marie Guillaumet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Samling og maktkamp

I kongesogene byrjar forteljinga om eit norsk rike med Harald Hårfagre og slaget ved Hafrsfjord, som truleg stod på 880-talet. Hårfagre er ein namngjeten konge som la under seg det meste av Vestlandet og vann innpass i Trøndelag, i allianse med jarl Håkon Grjotgardsson. Makta sikra Hårfagre ved å segle frå kongsgard til kongsgard, gjennom avtalar med lokale makthavarar og ved å få mange avkom. Styringsområdet til Harald Hårfagre strekte seg til gjengjeld over eit mykje mindre område enn det som er Noreg i dag. Kring Oslofjorden hadde danske høvdingar mykje overmakt, og i nord styrte Håløygætta ved Grjotgardsson og hans etterkomarar ladejarlane tidvis mykje sjølvstendig.

I mannsaldrane etter Harald Hårfagre var det mykje strid om norske område. Eirik Blodøks, son av Hårfagre, og sønene hans igjen prøvde fleire gonger å vinne tilbake makta etter at Eirik vart jaga frå landet av broren Håkon Adalsteinsfostre i 935. Kring 960 erobra sønene landet og styrte det neste tiåret. For å forsvare herredømmet sitt i Vika inngjekk danske Harald Blåtann samband med Håkon Sigurdsson Ladejarl, og saman lykkast dei i å drepe Harald Eiriksson Gråfell og jage sønene frå landet. Avtalen gjorde Sigurdsson til jarl over Trøndelag og danskekongen til overherre over Noreg. Maktkjernen i Noreg vart dermed òg flytta frå Vestlandet til Trøndelag, som hadde vakse fram som den rikaste og mest folkerike landsdelen i landet, medan Vestlandet hadde opplevd fråflytting og nedgang.

Håkon Jarl styrte derimot stadig meir eigenrådig, og som straff sende danekongen Svein Tjugeskjegg dei såkalla jomsvikingane nordover kring år 986. Her sigra Håkon i det vidgjetne slaget ved Hjørungavåg og styrte så utan dansk hjelp, men vart truleg drepen i eit opprør eit tiår seinare. Etter slaget ved Svolder i år 1000, der Olav Tryggvason fall, fekk likevel Tjugeskjegg overmakt i Noreg, gjennom eit samband med to av sønene til Håkon jarl, Eirik og Svein. Denne stillinga heldt danekongen fram til 1015, då Olav Haraldsson, seinare den heilage, kom seglande og jaga Eirik frå landet. Olav bygde no opp si eiga makt med rikdom frå vikingferder og har truleg fått makt over eit norsk rike som òg femna om innlanda i Trøndelag og Austlandet.

Olav Haraldsson ser ut til å ha mista stadig meir av støtta frå norske stormenn etter ti år ved makta, og drapet på den mektige Vestlands-hersen Erling Skjalgsson i 1027 bidrog til det. Den danske kong Knut den store hadde no styrkt stillinga si som engelsk konge og kasta auga sine på Noreg. I 1028 sigra så Knut over kong Olav, med hjelp av Håkon Eiriksson jarl. Noreg låg dermed under dansk styre fram til Knut døydde i 1035, då Noreg og i 1042 Danmark gjekk over til Magnus, som var son av Olav, grunna fredsavtalen hans med danske kong Hardeknut om at den som levde lengst, ville arve begge rika. Makta over Danmark gjekk raskt tapt, men avtalen gjorde det mogleg å innlemme Austlandet i det norske riket.

Under styret til Magnus sin farbror Harald Hardråde frå 1047 vart Noreg ei verkeleg samla politisk eining. Kongemakta var no sterk nok til at verken ladejarlane eller andre stormenn kunne utfordre henne. Då Hardråde fall ved Stamford Bridge, kom ein ny slags konge på den norske trona: Olav, som var son av Harald, og som ikkje hadde bygd rikdom og makt i viking. Olav førte heller ikkje krig fram til han døydde på sotteseng i 1093, men slutta heller fred med både danekongen og Vilhelm Erobraren i England. For det vart han kalla Kyrre, ’den rolege’.

Vikingefestival på Trelleborg i 2014. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Frå Vikingefestival på Trelleborg i 2014. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Kristning og samband med dei britiske øyane

Vikingtida er då skandinaviske område vart kristna, med makt og ved aukande misjonering frå midten av 800-talet. Skandinavar kjende likevel til kristen tru og framferd lenge før det, gjennom samkvem med Europa. Handelsfolk til Skandinavia har dessutan teke med seg kristent livssyn hit. Nye tenkjemåtar i Noreg ser ein i trushandlingar allereie ved overgangen til 500-talet, der mennesket vart framheva som utvalt vesen heva over dyra. Den kristne trua vann derimot ikkje innpass, og dette viser kor sterkt norrøn tru stod. På 400-talet verkar denne å ha teke ei ny form, med krigsguden Odin som leiar for krigsgudane æsene.

Samband med oversjøiske område som dei britiske øyane styrkte den kulturelle utvekslinga. For å styrkje maktgrunnlaget sitt søkte nordiske stormenn band til andre høvdingar, også i oversjøiske område. For å styrkje forståinga lét dei seg gjerne kristne. Skandinaviske høvdingsøner vart gjerne òg sende til oppfostring som ein del av sambandet. Dermed kunne dei få erfaring med kristendommen, som hadde breidd seg i England på 600-talet. Dette var tilfellet med Håkon Adalsteinsfostre, som på byrjinga av 800-talet vaks opp hos kong Adalstein i Wessex.

Tilbake i Noreg som konge prøvde Håkon å innføre kristentrua ved å opprette kyrkjer og by inn engelske prestar. Om kristendommen fekk eit visst rom, særleg på Vestlandet, fekk kongen merke at norrøn tru sto sterkt i andre område, som Trøndelag, der sambandet med England hadde vore svakare. Sterke skikkar som var knytte til den gamle gudetrua, var noko av grunnen til at kristninga møtte motstand. I Sverige, der kongemakta lenge stod svakt, førte forsøk på å avskaffe blotet til at kong Inge den eldre vart styrta frå trona så seint som i 1080. I Trøndelag skal bøndene på Mære ha tvinga kong Håkon til å gjere heidensk blot. I Danmark stod kongemakta sterkast, og her vart riket kristna kring midten av 900-talet.

Maktgrunnlaget for høvdingane hadde også i fleire hundreår vore basert på stillinga som religiøse leiarar. Dette var tilfellet med ladejarlane, som i Midt-Noreg hevda norrøn tru vel to mannsaldrar etter styret til kong Håkon. For den framveksande kongemakta var kristendommen til gjengjeld eit godt verktøy ved at presteskapet forma læra om det rettskafne det opphøgde kongedømmet til kongen, som så vart spreidd gjennom kyrkjeordninga. Kyrkja naut tilsvarande godt av vernet frå kongemakta den første tida. Kristninga og rikssamlinga var såleis bundne nær saman.

Håkon Adalsteinsfostre nytta ikkje våpenmakt i kristningsforsøka sine. Det motsette var tilfellet med Olav Tryggvason, som etter drapet på Håkon jarl vart teken til norsk konge. Med vald og truslar om drap skal Olav ha tvinga ei rekkje høvdingar til å ta til seg kristendommen. Samtidig er det truleg at stadig fleire stormenn såg fordelen av å samarbeide med kongemakta og med det underkaste seg den nye trua. Olav Tryggvason sende òg misjonærar til Island og medverka slik til at kristendommen vart innført gjennom tingvedtak der i år 1000.

Vikinghjelm og anna kamputstyr. Dette er attskapa gjenstandar, ikkje originalfunn. Foto: Hans Splinter, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Vikinghjelm og anna kamputstyr. Dette er attskapa gjenstandar, ikkje originalfunn. Foto: Hans Splinter, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Heilagkåringa av Olav Haraldssson

Olav Haraldsson førte mykja av linja til Tryggvason vidare og gjekk hardt fram mot dei som ikkje ville la seg kristne. Samtidig forhandla han med bøndene på tinga. På tingmøtet ved Moster i 1024 grunnla kong Olav saman med hirdbiskop Grimkjell den første verksame norske kyrkjeordninga. Olav fall så på Stiklestad i 1030, då han prøvde å vinne tilbake kongemakta. Ikkje lenge etter vart han heilagkåra, på same vis som fleire engelske kongar.

Biskop Grimkjell, som hadde følgt Olav frå England i 1015, verkar å ha gått i spann med stormannen Einar Tambarskjelve og fått anerkjent ei heilagkåring av Olav. Tambarskjelve skal også ha gått ut mot Knut den store og sonen Svein, som var sett til å styre Noreg, og søkt støttespelarar for Magnus, ein av sønene til Olav, som utfordrar til trona. At Noreg med Olav den heilage fekk ein eigen helgen, bidrog no til å styrkje trua på kristendommen. Allereie i tiåret etter at Olav døydde, byrja kyrkja i landet å feire olsok, til minne om då Olav fall. Mot slutten av vikingtida tok bygginga av kyrkjer i Noreg og Norden til i sterkare omfang, og dei første bispedømma vart oppretta.

Heddal stavkyrkje, som ligg i Heddal i Notodden kommune i Telemark, er Noregs største stavkyrkje. Foto: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

Stavkyrkjene byrja å dukke opp heilt på slutten av tidsrommet vi reknar som vikingtida. Heddal stavkyrkje (foto) er frå midten av 1250-talet og dermed reist etter vikingtida, men deler med dei flotte utskjeringane ein felles norrøn kunstarv. Foto: Stina Aasen Lødemel / Allkunne.

Historisk og politisk utvikling

Vikingtida vart ei stordomstid i Noreg og i Norden elles, etter at samfunna hadde bygd seg opp sidan ei nedgangstid mellom år 540‒650. Folkesetnaden auka og nye landområde i innlandet vart tekne i bruk i Noreg og Sverige, og dette bidrog på sikt til rikssamling. Vikingferdene innførte nye rikdommar og la grunnlag for mellomstatleg makt og ytre landnåm. Med vikingferdene kom nordiske sjømenn i tettare handelssamband med mykje av Nord- og Aust-Europa. I Norden vart det oppretta fleire større handelsstader, og ein fekk dei første nordiske byane – Birka, Hedeby, Ribe og Kaupang. Her vart det selt handverksprodukt som smykke, våpen og tekstilar frå norske område og frå handelsferder som strekte seg heilt til Kaspihavet og med det Silkevegen. Desse vart betalte for med sølv og fram til kring år 950 mellom anna med kufisk mynt. Til dei skandinaviske handelsstadene kom òg utanlandske kjøpmenn, som styrkte vare- og kulturutvekslinga med andre europeiske område.

Ein attskapa vikingmarknad. Foto: Hans Splinter, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Ein attskapa vikingmarknad. Foto: Hans Splinter, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Då Knut den store fall, vart forholda i Norden endra. Usikre maktforhold innanlands gjorde danskekongen til ein svakare trussel mot Noreg, samtidig som Harald Hardråde ikkje makta å hærta Danmark. Det tidlegare herredømmet til Knut i England fall òg saman etter at han døydde. Etter det mislykka forsøket frå Hardråde på å leggje under seg England i 1066 og den vellykka hærsetjinga til normannarane same året svann høvet til å gjere seg gjeldande på det engelske fastlandet. Forsøket til danske kong Svein Estridsson på å hærta England i 1069‒1070 vart også mislykka.

Styret til normannarane gjorde England stødigare og førte til at landet vart ein mektigare mellomstatleg deltakar. Det flytta det politiske maktbiletet i Europa og bidrog til å endre handelsmønstera i Nord-Europa. For Danmark vart det vel så viktig å forsvare si eiga sørgrense mot angrep, medan Noreg og Sverige søkte å forsvare grensa mot kvarandre og utvide maktområda sine i nord. For Noreg vart samtidig handelen nordover med Bjarmeland, og med det handelssamordning med Novgorod-Kiev-riket, viktigare for statsinntektene. Dei nordiske kongane vende kreftene meir mot eige rike og eigne grenser, og søkte i større grad å drøfte seg fram til løysingar på mellomnordiske stridar. På den europeiske skodeplassen hadde nordiske krigartokt utspela si rolle.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 09.03.2017