Felttøymester var frå 1600-talet namnet på den militære funksjonen som hadde ansvaret for tøyhusa, altså lagra med våpenteknisk materiell tilhørande Hæren, og framfor alt Artilleriet. Felttøymesteren hadde også ansvar for bokføring og rekneskap. Dette var ei høg stilling med stort ansvar, og felttøymesteren var frå andre halvdel av 1600-talet oberst.

I Noreg har namnet i nyare tid vore brukt om leiaren for den tekniske delen av Forsvaret, men stillinga fall bort med hærordninga frå 1909. Stillinga som generalfelttøymester vart endre fleire gonger på 1900-talet, frå å vere sjef for Den tekniske fellesetat til sjef for Hærens våpentekniske korps, og sist, frå 1968, for Hærens forsyningskommando (som generalmajor).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg