Faktaboks

Havtore Jonsson

Havtore Jonssøn

Fødd
1275
Død
1320
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår, død 1319 eller 1320
Verke
Riddar, syslemann, kongeleg rådgjevar og stor godseigar
Familie

Foreldre: Baron Jon Ivarsson Raud (ca. 1245–ca. 1312); moras namn er ikkje kjent.

Gift truleg 1307 eller 1308 (trulova 1302) med Agnes Håkonsdotter (nemnd 1302–1312).

Far til Jon Havtoresson (ca. 1312–ca. 1390) og Sigurd Havtoresson (ca. 1315–ca. 1392); svoger av Torvald Toresson (ca. 1250–etter 1330) og Ingebjørg Håkonsdatter (født 1301– død trolig 1361).

Eldre teikning av Sudreimsættas slektsvåpen, eit gult skjold med ei raud rose.
Havtore Jonsson høyrde til SudreimsættaRomerike. Han eigde gården Sørum.
Sudreimsættas eldre våpen
Av /Riksarkivet.

Havtore Jonsson var ein norsk riddar og sysselmann. Han høyrde til krinsen av nære rådgjevarar til kong Håkon 5., og var gift med kongens dotter, Agnes Håkonsdotter. Som kongens svigerson hadde Havtore ein framskoten posisjon. Han tilhøyrde den kjende Sudrheimsætta og hadde truleg kongeblod i årene. I tillegg var han kongetru, ein kombinasjon som kan forklåre at kong Håkon gav han si utanomekteskapelege dotter til ekte.

Havtore eigde jordegods spredt over heile landet, og i 1312 fekk han Borregård og halve Sarpsfossen av kongen.

Med Agnes hadde Havtore to soner, Jon Havtoresson og Sigurd Havtoresson, som begge spelte ei fremtredande rolle i tida etter farens død.

Slekt

Havtore Jonsson høyrde til SudreimsættaRomerike. Faren var Jon Ivarsson Raud, som siste gong er omtala juni 1312 og truleg døydde like etter.

Farens slektsbakgrunn

Slektsbakgrunnen til Havtores far, Jon Ivarsson, er omdiskutert. Med tilvising til Gustav Storm har både Halvdan Koht (i NBL1) og andre historikarar ført inn Jon på Sørum, nemnd i sagaen som Håkon Håkonssons frende, som Jon Ivarssons farfar, men Henning Sollied avviser det. Han har sannsynleggjort at far til Jon Ivarsson var Ivar av Skedjuhov (Skea på Romerike), og han finn det «meget nær å slutte» at Ivar var son til stormannen Olav Mok, som vart drept av ribbungane i 1224. Kongsfrenden Jon plasserer Sollied på Sørum i Luster (Sogn), men det har også vorte gissa på (av Geirr Leistad) at han høyrde til Sudreimætta og var nærfrende til Ivar av Skedjuhov.

Sysken

Havtore var truleg eldst av fem sysken. Brødrene hans var Ivar (død 1309) og Tore (med tilnamnet Tinghatt, død 1310) og systrene Ragnhild og Ragndid (den første gift med baronen Sæbjørn Helgesson, den andre med riddaren Torvald Toresson av Papøy på Hjaltland). Både Ivar og Tore Tinghatt hadde riddarstatus, og begge fall i slag.

Ekteskap med Agnes

Trulovinga mellom Havtore og kongsdottera Agnes Håkonsdotter skjedde i 1302, då Agnes kan ha vore omkring 10 år gamal. Vi veit ikkje sikkert når bryllupet stod, men dersom vi går ut frå at Havtore fekk riddarslaget samstundes med at han vart kongens svigerson, kan det ha vore rundt 1307. Første gong Havtore er omtala med herretittel, er rett nok i 1312. Saman med faren og andre framståande menn ferda han dette året ut brev om makeskifte mellom Mariakyrkja i Oslo og Hovudøy kloster, og etter plasseringa i brevet må han ha lengre ansiennitet enn ein annan av utferdarane, Bjarne Audunsson, som er omtala med herretittel i 1308.

Bortfestinga av Agnes var ei klår politisk handling. Ved å gifte bort dottera til Havtore, sikra kong Håkon seg stønad frå den mektige Sudreimætta som Havtore tilhøyrde. På same tid feste Håkon den eittårige dottera si, Ingebjørg, til den svenske hertug Erik, og gjekk i gang med å utarbeide nye reglar for den kongelege arvefølgja, riksstyret og eit framtidig formyndarstyre. I dette mønsteret høver det også å setje giftarmålet mellom Agnes og Havtore til 1307/1308, då kongen stod midt oppe i konflikten med hertug Erik og var i arbeid med rettarbota frå 1308, som styrkte den kongelege kontrollen over hird og forvaltning.

Jordegods

Då Havtore og Agnes gifte seg, fekk Agnes 15 gardpartar på Romerike, med samla landskyld (leieinntektar) på noko over 5 markebol, i heimanfølgje. I 1312 dro kong Håkon gardpartane inn att under kongedømet «til æveleg eigedom», og i staden la han ut Sorknes i Solør med ei landskyld på 6 markebol. Det kan vere naturleg å tolke dette slik at kongen la ut eigedomar av sitt private jordegods (patrimonium) då dottera gifte seg. Då han gjorde om gåva – truleg etter bøn frå svigersonen – tok han ein gard av det eigenlege krongodset (bona corona), og i staden overførde han til krona det han tidlegare hadde lagt ut av privatgodset.

Ein slik praksis, som var vanleg i Vest-Europa, har vi også andre døme på i Noreg, men sidan Noreg var eit arverike, var skiljet mellom patrimoniet og bona corona (altså mellom kva som var kongens personlege eigedom og kva som var kongedømets som institusjon) ikkje så absolutt her. Berre fire dagar etter byttet fekk Havtore ei ny storstilt gåve «for dei store tenestene som Vi jamnleg har fått av mågen Vår», nemleg kongens tomt og gard i Sarpsborg med jordstykke og fossefall. Dette var det seinare Borregård, som vart verande i etterslekta til Havtore Jonsson til fram på 1600-talet.

Skea i Sørum, der Havtores farfar hadde tilhald, var også seinare ein av hovudgardane i Sudreimgodset. Det er først med Havtore at Sørum gard blir omtala som hovudgard, og då i samband med den sysla han hadde på Romerike. Sørum kan tidlegare ha vore krongods, og det kan ha vore som syslemann og kongsfrende at Havtore overtok garden. Ein hovuddel av Sudreimgodset låg i Borgarsysla, mellom anna storgarden Huseby i Onsøy, og med Borregård fekk eigedomen her ein kraftig tilvekst. I arveoppgjeret etter Havtore fekk eldstesonen Jon Borregård-/Huseby-delen, medan Sigurd fekk Sørum-delen med Giske, som vart hovudgarden til Sigurd.

Død

Havtore Jonsson var ein mann i sin beste alder då han døydde, truleg midt i 40-åra. Siste gong vi høyrer om han, var 20. april 1319, då han saman med sju andre stormenn stod ved senga til den døyande kong Håkon og under eid lova å halde alle kongens forordningar om arvetal og riksstyre. Havtore var nok sjølv sjuk på den tid. Då forhandlingane mellom Noreg og Sverige om kongefellesskap vart sluttførde i juni 1319, var han anten død eller så sjuk at han ikkje kunne møte. Dei to sønene han hadde i ekteskapet med Agnes, Jon og Sigurd, var born på den tid, men dei skulle kome til å bli leiande innan stormannsgruppa i tida som følgde.

Segl

Avtrykk av Havtore Jonssons segl finst på eit brev frå 1314 i Riksarkivet i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Bugge, Alexander: Norges historie fremstillet for det norske folk, bind 2:2, 1916
  • Diplomatarium Norvegicum, bind 1 nr. 132, 156 og 213, bind 3 nr. 97, bind 4 nr. 95 og 370
  • Helle, Knut: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • Islandske Annalar
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931
  • Leistad, Geirr: «Nesøya og Nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid», i Asker og Bærum Historielag. Skrift nr. 37, 1997, s. 311–346
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 4, bind 2, 1859
  • Munthe, Gerhard: «Heraldisk-historiske Optegnelser», i Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie (SNFSH), bind 4, 1836, s. 124f.
  • Norges gamle love, rekke 1, bind 3, 1849
  • Regesta Norvegica, bind 3 nr. 651, bind 4 nr. 67
  • Sollied, Henning: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. III. Sudrheims-ætten», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bind 8, 1942, s. 112–132, 259–280 og 384–402

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg