Væringer
Kroppen til den bysantinske keisaren Leo 5 (død 820) blir boren gjennom Hippodromen medan væringane held vakt i bakgrunnen. Illustrasjon frå Johannes Skylitzes' historieverk frå rundt 1100.
Av .
Runeinnskrift i Hagia Sofia
I den gamle kyrkja Hagia Sofia, som seinare vart moske, finn ein runeinnskrifta «Halvdan var her» rissa inn i marmoren.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Væringar er namnet på skandinaviske krigarar i Kiev-Rus (Kievriket) og Bysants i Austromarriket i vikingtida og høgmellomalderen.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt vár, «løfte», flertall væringjar

Også kjend som

engelsk varangians

Væringene var krigarar og kjøpmenn. Dei fleste av dei var svenskar. Inntil 1100-talet gjekk mange i teneste som livvakt hjå keisaren i Bysants, blant anna den seinare norske kongen Harald Hardråde, som var offiser i livvakta. På 1000-talet var det også mange engelskmenn av angelsaksisk eller nordisk opphav i livvakta.

Namnet

Ordet væringar vart truleg brukt i tydinga ’dei eidsvorne’. Avleiinga av vár har vore tolka slik at væringane gav løfte om å yte hjelp og gi vern. Ei anna tolking er at dei stod i innbyrdes brorskap med løfte om å gi handslag til kvarandre, slik som i gildeordninga.

latin vart dei kalla varangus og på bysantisk gresk barangos, fra slavisk varjager, som var slavarane sitt namn på skandinavar som slo seg ned i, eller reiste rundt i området kring Novgorod, Ladoga og Kyiv. Ordet er i slekt med høgtysk wara, ’truskap’, angelsaksisk wær, ’avtale/løfte’, og very i nyare engelsk. Det er ført vidare som varjagi, ’omstreifar’, i russisk og varjah, ’stor, sterk kar’, i ukrainsk.

Historie

Aktivitet i aust

Skandinavane, som slavarane kalla varjagarar, dreiv handelsverksemd langs elvane til Kaspihavet og Svartehavet, men kunne òg gå fram med vald, slik vikingar gjorde i vest. Varjagar er i så måte relativt einstydande med viking, men nemninga kunne òg bli nytta om menn av angelsaksisk opphav. Særleg svenske, men òg norske og danske sjøfararar søkte seg austover frå 600-talet av. På 700-talet byrja dei så å opprette busetjingar i baltiske område, og på midten av 800-talet la dei under seg Ladoga og utvida riket sørover til det omfatta Kyiv-området kring 880. Området vart kalla Gardarike, men blir òg kalla det store Svithjod av Snorre, etter namnet på sveane sitt land. Det norrøne samfunnet her tok opp i seg slavisk kultur, lik utviklinga i skandinaviskstyrte område i Vest-Europa.

I eit brev frå den bysantinske keisaren Teofilos til den franske kongen Ludvig den fromme i 839, som er kjent frå annalane til St. Bertin, blir det for første gong nemnt at skandinavar har besøkt Konstantinopel. Teofilos kallar dei for rhos og omtalar dei som fredelege menn, og i Frankarriket vart dei kalla svear. To tiår seinare, i 860, møter vi så rhos på nytt i bysantinske kjelder, men denne gongen i langt mindre fredelege ordelag, når patriarken Fotios skildrar korleis ein flåte på kring 200 skip plyndra byen med «utruleg fart […] vill framferd og grufullt sinnelag». Angrepet verkar å ha stansa etter at det vart betalt ut skatt til overfallsmennene.

Avtalen skal ha skapt fredelege forhold mellom rusarane (av Rus) og Bysants. Ifølgje Nestor-krønika skal ein veldig hær så ha forsøkt å hærta Konstantinopel på nytt i 907 og kome frå det med eit svært krigsutbyte. Angrepet er ikkje nemnt i bysantinske kjelder og er derfor lite truverdig, men avtalen mellom rika må ha funne stad. Her vart det avtalt korleis rusarar kunne besøkje og bli underhaldne i Konstantinopel, og det vart sett ned reglar for handel mellom rika. Trass i fråsegna gjekk rusarar seinare fleire gonger til angrep på Konstantinopel. Resultatet av dette vart krigsutbyte og nye avtalar. Dei rusiske krigarane som er nemnde i samband med fråsegna i 907, hadde hovudsakleg norrøne namn, som viser den leiande skandinaviske stillinga i varjagerhæren. Ved ein ny avtale i 944 hadde hæren derimot langt færre norrøne trekk.

Varjagarane som leigesoldatar

I tiåra før avtalen i 907 skal fleire rusiske krigarar ha teke del i styrkane til keisaren, og dette skal ha vore avtalt mellom Bysants og Kiev-Rus. Denne verksemda auka etter kvart, og dette kom mellom anna av at vervinga til den bysantinske hæren hadde vorte svakare. Den veksande liveigenskapen braut ned grunnlaget for såkalla themata, der jordeigarar skatta ved hærteneste. I staden satsa keisaren no dermed på leigetroppar, og rusiske krigarar kom til å bli ein viktig del av desse. Omfanget av dette auka også vidare etter at rusarane nedkjempa khazarane, som utgjorde ein stor del av den bysantinske hæren, i 969.

Frå slutten av 900-talet møter ein òg skildringar av reiser til Bysants, og til Hellas og Jerusalem, i norrøne kjelder og på oppsette runesteinar. Islendingen Torvald Kodransson Vidfarne skal mellom anna ha reist til Miklagard og Jerusalem og så vidare til Gardarike, der han grunnla eit kloster. Islendingen Kolskjegg skal ifølgje Njålssoga ha reist til Miklagard, der han verva seg til hæren og etter kvart «var hovding for væringarne, og […] vart verande der til sin døyandedag». Skildringane er usikre, men ikkje usannsynlege. I tida Kolskjegg var i Konstantinopel, var Basileios II keisar i Austromarriket, og det var han som oppretta ein særskild keisarleg styrke som var sett saman av væringar.

Etter ein fredsavtale i 988 mellom Baseilos og Vladimir 1 av Kiev-Rus skal 6000 rusiske varjagarar ha vorte sende til Bysants. Desse var mellom anna med på keisaren sine hærferder mot egyptarane og det store felttoget mot bulgararane, som enda i 1018. Rusiske styrkar skal ha verka heile vegen og må såleis ha vorte forsterka med nye troppar, også av menn frå Norden. Under felttoga skal væringane ha utmerkt seg og etter kvart ha vorte ordna som ei eiga gruppe av særskilt viktige krigsmenn som verna keisaren og berre vart sette i strid ved særleg vanskelege kampar. Væringane var kjend for si rå framferd og verknadsfull kamp med langøks.

Tiltrudde tenarar

Keisaren kunne truleg rekne større truskap til væringstyrkane enn dei vanlege hærstyrkane, som hadde vist seg å skifte side i tidlegare tronstridar. Særleg må det ha vore god lønn som styrkte truskapen til væringane, og som lokka mange norrøne krigarar til Miklagard. Frå 1034 kjenner vi ein omtale av væringar i bysantinsk-greske kjelder, der nemninga varangoi blir nytta i staden for det tidlegare rhos, som viser korleis væringane no vart utskilde som gruppe frå rusarane, og viste til menn av nordisk opphav.

I 1034 kom den mest kjende væringen av alle til Konstantinopel, Harald Sigurdsson, halvbror av Olav Haraldsson. Etter at Olav fall på Stiklestad i 1030, hadde Harald søkt til Gardarike og så vidare til Bysants med ei større hird. Kamperfaring og kongeleg byrd gav Hardråde raskt ei viktig stilling i væringstyrkane, og han skal etter kvart ha vorte utnemnd til øvste leiar. I løpet av dei sju åra han var med i væringstyrkane, skal Harald ha kjempa i 18 slag kring Middelhavet. Til slutt vart han fengsla, truleg for underslag, men klarte å rømme og reiste så til Gardarike og så tilbake til Noreg. Rikdomen frå krigføringa hadde han sendt i førevegen, og han kunne dermed nytte denne til å byggje seg opp som konge i Noreg frå 1046.

Kanskje var det ikkje før under den seinare kong Harald Hardråde si tid som væring at gruppa vart ordna som ei eiga livvakt for keisaren. Væringgarden hadde særlege oppgåver med å hindre opprør, og dei utførte i tillegg politioppgåver. Truskapen og råskapen keisaren kunne kjøpe av dei, hindra likevel ikkje alle opprør, og det var nettopp under ein revolusjon at det lykkast Harald å flykte. Den truskapen som bysantinske kjelder tillegg væringane, vart òg broten då dei deltok i ein palassrevolusjon i 1071.

Opp- og nedgangstider

Tida frå 900-talet og fram til slutten av 1000-talet var stordomstida til Austromarriket, men deretter starta nedgangen. Væringane hadde vore viktige i forsvaret av Sør-Italia, men i 1041 leid dei nederlag mot normanniske troppar. I 1054 vart kyrkja delt i aust og vest, og i 1071 la normannarane Sicilia under seg. Tyrkiske krigarar truga samtidig Bysants frå aust. Dette gjorde keisarane endå meir avhengige av leigetroppar, og samtidig må også tapstala blant væringane ha vore langt høgare enn tidlegare. I slaget ved Manzikert i Anatolia vart keisarlege troppar fullstendig nedkjempa av seldsjukkane, som også gav store tap for væringstyrkane.

Også i England gjekk norrøne krigarar i statleg hærteneste. Dette skjedde etter det danske felttoget i 1009‒1012 og fram til den normanniske landvinninga av England i 1066 (slaget ved Hastings). Etter dette søkte også fleire angelsaksarar seg til Bysants som leigekrigarar, som del av væringstyrkane. Sjølv om nordiske krigarar stadig søkte seg austover, utgjorde angelsaksarane no ein viktigare del av væringane, og innslaget av skandinavar var truleg langt mindre etter slaget ved Manzikert.

Etter 1100 er ikkje slik verksemd nemnd på svenske runesteinar, men blir omtalt hos Snorre, der ein stor del av styrkane til Sigurd Jorsalfare skal ha tatt teneste som væringar då han besøkte Konstantinopel på veg heim frå korstoget sitt i 1111. Vi kjenner også omtalar av krigarar som tok teneste i Bysants frå Gulatingslova og frå svenske lovverk på 1200-talet. Væringane heldt samtidig fram med å verke som ein viktig del av dei bysantinske styrkane.

Då keisaren på ny søkte å nedkjempe seldsjukkane i 1176, leid han nok ein gong eit stort nederlag. Dette valda òg væringhæren eit tap som keisaren ikkje makta å atterreise. Ved korstoget i 1204 deltok det væringar i vernet av Konstantinopel, men heller ikkje desse makta å forsvare byen frå plyndring. Som ei følgje av korstoget vart Austromarriket delt i fire, og keisardømmet Nikea vart den fremste arvtakaren. Den keisarlege livvakta vart framleis kalla væringar, men var ikkje lenger med i strid og var etter kvart eine og åleine sett saman av engelskmenn. Den siste omtalen av varangoi er frå 1341.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg