Hopp til innhold
X
Innhald

17. mai

17. mai er Noregs grunnlovsdag.

17. mai, den dagen i 1814 då Eidsvolls-grunnlova vart vedteken og Christian Frederik vart vald til norsk konge. Dagen vart først feira privat, men frå 1824 meir offentleg, under sterk motstand frå kong Karl Johan si side. Det første barnetoget kom i stand i 1870, etter initiativ frå Bjørnstjerne Bjørnson. Det var eit reint gutetog, for jentene kom først med i 1889. Forfattaren Henrik Wergeland gjorde gjennom talar og dikt 17. mai til den festen vi kjenner i dag. Han vert også rekna som far til 17. mai-talen, som han heldt i 1933.

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv teksten til det som vert rekna som nasjonalsongen «Ja, vi elsker» i samband med feiringa av 50-års jubileet for Grunnlova i 1864.

17. mai er offisiell flaggdag, høgtidsdag og fridag i Noreg. Dagen vert også kalla grunnlovsdagen og Noregs fødselsdag. Den norske nasjonaldagen skil seg frå mange land når det gjeld feiring. Militære paradar har aldri vore ein del av 17. mai, men barnetog, musikk, talar og leikar for born har derimot vore sentralt. Sidan 17. mai 1906 har kongefamilien helsa folket frå balkongen på Slottet og barnetoget i Oslo går alltid opp Karl Johans gate og forbi Slottet. 

galleri


I 1905 lanserte elevar som var ferdig med examen artium russehua, og sidan den gongen har 17. mai vore ei viktig avslutning på russefeiringa. På trettitalet vart også bunaden ein viktig del av feiringa og i dag er det vanleg å bruke bunad på 17. mai. Under andre verdskrig var det forbode å gå i 17. mai-tog.

17. mai er i dag ein av dei viktigaste festdagane i Noreg.

Lydklipp: Høyr radioopptak frå 17. mai 1945. Eksilregjeringa er  framleis i London då Noreg feirar nasjonaldagen for første gong etter at andre verdskrig er slutt. NRKs Hartvig Kiran opnar festsendinga frå London 17. mai 1945, Kong Haakon og statsminister Nygaardsvold held talar og helsar heim til det frie Noreg, og prinsesse Ragnhild, prinsesse Astrid og prins Harald helsar til alle barn i Noreg:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 14.05.2018