Hopp til innhold
Adam Egede-Nissen, 1935. Ukjend fotograf. Kjelde:  Oslo Museum CC BY SA 2.0
Adam Egede-Nissen, 1935. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 2.0
X
Innhald

Adam Egede-Nissen

Adam Egede-Nissen, 1868–1953, var politikar og postmeister. Egede-Nissen var medlem av Stortinget i 1903–12, i den første perioden for Venstre, i dei to siste for Arbeidarpartiet. I 1922–24 kom han inn att på Stortinget og var då vald for Arbeidarpartiet. Ved partisplittinga i 1923 følgde han kommunistane, og i 1936–46 var han formann i NKP.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016