Hopp til innhold
X
Innhald

Administrasjonsrådet

Administrasjonsrådet, det organet som Høgsterett 15. april 1940 oppretta til å stå for forvaltninga av dei tyskokkuperte områda i Noreg. Rådet fekk sju medlemmer, og formann vart fylkesmann Ingolf Elster Christensen.
 
Administrasjonsrådet vart berre godkjent som eit naudsorgan av regjeringa Nygaardsvold. Bidraget rådet gjorde for å halde hjula i gang medan det framleis var krigshandlingar på norsk jord, har gjort det omstridt både i samtid og ettertid. Administrasjonsrådet vart avskaffa av rikskommissær Terboven 25. august 1940.



Først publisert: 02.02.2015
Sist oppdatert: 02.02.2015