Hopp til innhold
Ålesund etter brannen i januar 1904. I bakgrunnen Walde-huset som ikkje brann ned. Foto henta frå postkort
Ålesund etter brannen i januar 1904. I bakgrunnen Walde-huset som ikkje brann ned. Foto henta frå postkort
X
Innhald

Ålesundsbrannen

Natta mellom 22. og 23. januar 1904 tok det til å brenne i lokala til Aalesund Preserving Co. i Nedre Strandgate. Det var full sørvest storm med orkan i kasta. I 15 timar rasa elden over byen. 850 hus brann ned. Over 10 000 menneske vart heimlause i denne største brannen som nokon gong har vore her i landet.

Ålesund var i all hovudsak ein treby, der husa stod tett i tett, og byen hadde eit brannvern som rykte raskt ut, men som var sjanselause mot eldhavet som spreidde seg med vinden. Stadsingeniør Johannes Solem skreiv i brannrapporten sin: «Stormen raste med en saadan heftighet at man næsten ikke kunde staa på marken, og bygerne tok ild og røk indover byen med en voldsom kraft.» Utpå laurdag spakna vinden og dreia meir på vest og nordvest.
Ei augevitneskildring stod i Aftenposten 25. januar: «Man kunde se, hvorledes Gnistene lig lange flammende Slanger fløi omkring i Luften – en sand Regn af Ild – og tændte saaledes på mangfoldige Steder paa een Gang.»
(Artikkelen held fram under fotoet)
Ålesund etter brannen i januar 1904. I bakgrunnen Walde-huset som ikkje brann ned. Foto henta frå postkort.
Ålesund etter brannen i januar 1904. I bakgrunnen Walde-huset som ikkje brann ned. Foto henta frå postkort.
Då det lysna av dag, kunne dei konstatere at 850 hus hadde vorte flammane sitt rov. 230 hus stod att innanfor bygrensene. Verdiar for rundt ein milliard kroner etter dagens pengeverdi gjekk tapt. Innbyggjarane flykta austover, unna brannen. 10 500 menneske gjekk og sprang og drog dei mest verdfulle tinga sine med seg på handkjerrer innover Borgundvegen.
Ein må til avsviinga av Finnmark og Nord-Troms på slutten av andre verdskrigen for å finne ei tilsvarande menneskemengd i akutt nød her i landet. Dei flyktande familiane fann seg første natta ly i hus, kjellarar, løer og andre uthus. Det vert fortalt om hus der det overnatta 150 menneske. Etter få dagar hadde dei fleste av dei 10 500 huslause reist vidare.
Byen Ålesund hadde vorte bygd opp av sunnmøringar og romsdalingar frå bygdene omkring, og dei som rømde frå brannen, reiste attende til bygdene dei kom frå og til slekt og vener. Der vart dei godt mottekne. Mange bylærarar flytte etter og dreiv skule på det som vart overfylte bygdeskular med mange barn frå Ålesund. Det var ikkje behov for nokon flyktningleir her.
Ei eldre kvinne var den einaste som omkom i sjølve brannen. Ho hadde kome seg ut av huset sitt på Lihaugen, men gjekk inn att for å hente noko ho hadde gløymt. Med den farten brannen spreidde seg, var dette livsfarleg, og kvinna kom ikkje ut att.
Etter få dagar sende den tyske keisaren, Wilhelm 2., tre skip med forsyningar til den nedbrende byen. Mat og klede og materialar til mange hus var om bord, og keisar Wilhelm vart ein endå større helt på Vestlandet enn han hadde vore før. Gåvene frå han gjorde at Ålesundsbrannen vart verdskjend, og det vart starta innsamlingar i mange land.
Byen kom etter kort tid i funksjon att, men no som brakkeby. Det strøymde på med handverkarar, anleggsarbeidarar og lykkejegerar av alle slag, og dei kom både frå Noreg og frå utlandet i håp om å få arbeid. Tjuvar og kjeltringar var også blant dei, og kriminalstatistikken steig bratt i åra eller brannen.
Tuberkulose var alt den største dødsårsaka i Noreg, og mange med tuberkulosesmitte kom til Ålesund og gjorde risikoen for å verte smitta mykje større. Mennene som arbeidde med å organisere oppattbygginga av byen, reiste ut til bygdene til familiane sine i helgane, og dei hadde smitten med seg. Resultatet vart at smittepresset på heile Sunnmøre auka kraftig i åra etter bybrannen. Fleire difteri-epidemiar kom òg, og eit par tilfelle av tyfus-epidemiar.
Det hasta med å kome i ordna former att, og alt hausten 1904 starta oppattoppbygginga. I 1907 var mesteparten av den utbrende byen gjenreist, og Stortinget hadde innført murtvang, slik at det vart murhus som vart bygde innanfor det definerte byområdet. Det var hus med ein heilt annan bustandard enn dei som brann opp.
Distriktslege Th. Lorentzen skreiv då også i medisinalmeldinga si at med vassklosett og ein heilt annan sanitær standard var den nye byen mykje betre enn den gamle. I tillegg til forsikringspengane måtte ålesundarane sjølve investere nesten 10 millionar kroner av eigne midlar for å byggje opp att byen. Det tilsvarer over ein halv milliard kroner etter pengeverdien i dag. Mange fann det for dyrt å byggje opp att i mur og flytta utanfor murtvangen og bygde i tre.
Kjelder
Kristian Bugge: Aalesunds historie, bind I. Aalesund kommune 1923
Harald Grytten: Ålesund brenner. Byen under ild og aske, andre bind i ein trebindsserie om Ålesundsbrannen. Nytt i Ukas forlag 2003
Odd Thorson: Ålesund 1848–1948. Økonomisk og kommunal historie, band 1. Oslo 1948
«Ålesund brenner. Alt om bybrannen på ett sted», Sunnmørsposten: http://bybrann.smp.no/  [lesedato 23.1.2014]

Først publisert: 18.06.2014
Sist oppdatert: 25.10.2017