Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Jeppesen

Carl Jeppesen, 1858–1930, var dansk-norsk handverkar, journalist og politikar i Arbeidarpartiet/NSA. Jeppesen var med på å stifte Arbeidarpartiet i 1887. Han verka som redaktør av Social-Demokraten i 1887–92 og 1906–12. I 1917–19 var han ordførar i Oslo. Jeppesen sørgde i 1891 for å få vedteke ei tilpassa omsetjing av programmet til det tyske sosialdemokratiske partiet som prinsipprogram for Arbeidarpartiet.

Jeppesen Carl 1920 Foto Anders Beer Wilse Kjelde Oslo Museum CC BY SA 4.jpg?w=600

Carl Jeppesen, 1920. Foto: Anders Beer Wilse. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016