Hopp til innhold
X
Innhald

Eidsvollsgarantien

Eidsvollsgarantien, vedtak av Riksforsamlinga på Eidsvoll om å garantere både den gamle statsgjelda og kursen på 14 millionar riksbankdalar (i setlar) som var i omløp. Trass i garantien sokk kursen mykje, og særleg utanlandske handelshus spekulerte i forholdet ved å kjøpe opp setlar til spottpris. Etter ein lang debatt vedtok Stortinget 1816 å la garantien falle og grunnleggje eit nytt pengevesen og dermed også Noregs Bank.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016