Det var Emil Stang som vart den første leiaren i landspartiet Høgre då det vart skipa i august 1884, og det var Stang som stabla det såkalla Aprilministeriet på beina etter at regjeringa til Christian Selmer var fjerna av riksretten (sjå statsrådssaka). Meininga var at Stang då skulle bli statsminister, men krefter i partiet meinte det ville vere uklokt og utfordrande med eit nytt Stang-regime, og difor vart Christian Schweigaard regjeringssjef. Det var Stang glad for seinare, for det å ha vore «aprilminister» stengde for eit samarbeid med den moderate delen av Venstre, eit samarbeid som to gongar skulle gjere Stang til statsminister.
Stang var partiformann i Høgre med unntak av i dei periodane han var statsminister. Han meinte det ville vere urett å sitje både som statsminister og partileiar, og nestleiaren Schweigaard tok difor over som formann i desse periodane. Det same var tilfellet då Stang var lagmann, men frå 1898 vart han på nytt partileiar og sat både som det og som stortingsrepresentant fram til 1900. Då trekte han seg ut av all politikk, og året etter vart han utnemnd til dommar i Høgsterett, men helsa tok til å svikte og i 1904 søkte han avskjed.
Den første jobben Emil Stang fekk som formann i Høgre var å bygge bru. Partiet var slått over ende av riksrettsdommen etter statsrådssaka, og det var sterke krefter i Høgre som ønskte hemn. Stang derimot meinte at riksrettsdommen måtte aksepterast, og at ein måtte godta verda slik ho nå hadde blitt. Hans strategi var å samle kreftene i eige parti og å arbeide for å bygge bru mot den moderate delen i Venstre. «Under hans energiske og kloke ledelse ble de sprikende fraksjonen sveiset sammen til en enig og slagkraftig opposisjon», skriv historikaren Alf Kaartvedt i «Høyres historie».
Den same historikaren meiner at ingen einskildperson har hatt ein så sterk innverknad på høgrepartiets politikk og strategi som det Emil Stang hadde i den tida han sto i spissen, frå 1883 til 1895. Han likna mykje på far sin i politisk tenking. Han ønskte maktdeling for å hindre fleirtalsdiktatur og sikre ei jamn, harmonisk utvikling. Difor var han motstandar av at ei av statsmaktene skulle monopolisere makta, og arbeidde for at kongemakta skulle kunne fungere som ei motvekt mot eit allmektig storting. Det var kongen som institusjon han tenkte på. Kongen som person derimot, i dette tilfellet Oscar 2., hadde han lite til overs for.
I siste halvdel av 1880-åra var det Emil Stang og Johan Sverdrup som var dei to hovudmotstandarane i norsk politikk. Ytre sett var dei svært ulike. Sverdrup var liten, spinkel og mørk. Han sto som ei dirrande stålfjør på talarstolen. Han var folketalaren. Stang derimot, var middels stor og tjukk, med ein akademisk og litt kjedeleg måte å tale på, men med stor fagleg tyngde. Han var dessutan ein replikkens meister. Sverdrup var herda og garva gjennom mange års opposisjonskamp. Stang hadde gått i lære hos far sin. «Han nærmet seg politikken som en sjakkspiller», skriv Kaartvedt. Han sågfleire trekk framover, og han såg tidvis så mange handlingsalternativ at han vart lamma når han skulle avgjere kva for eitt han skulle velje. Stang var ein utprega pessimist, og det gjorde at han som politikar og partileiar vart ein heller forsiktig og tenksam general.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.