Hopp til innhold
X
Innhald

Fagopposisjonen av 1911

Fagopposisjonen av 1911 er nemninga på opposisjonsorganisasjonen som vart stifta av Martin Tranmæl innanfor LO med sikte på å «revolusjonere» fagrørsla, dvs. omdanne henne til også å bli ein organisasjon for politisk og sosial systemendring, for den sosialistiske strategien i arbeidarrørsla. Fagopposisjonen var eit viktig innslag i den revolusjonære «nye retninga», som med Kyrre Grepp og Martin Tranmæl i spissen erobra makta og det politiske hegemoniet i Arbeidarpartiet i 1918.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016