Hopp til innhold

Fellesprogrammet

Ved det første stortingsvalet etter andre verdskrigen gjekk alle dei politiske partia saman om eit felles program. Føremålet med dette fellesprogrammet, som hadde tittelen «Arbeid for alle», var å skape ei felles ramme for gjenreisinga av landet på tvers av dei politiske skiljelinjene.

Initiativet til Fellesprogrammet kom frå leiinga i heimefronten. Viktige mål i programmet var arbeid til alle, økonomisk vekst og utjamning. I etterkrigsåra var det stor politisk semje om desse måla. Arbeidarpartiet, som hadde sete med makta før krigen, fekk stort gjennomslag i utforminga av programmet. Men arbeidarrørsla hadde lagt bort klassepolitikken. Haldinga i programmet var at innbyggjarane i Noreg utgjorde eitt samla folk.

Programmet la ein regulert blandingsøkonomi til grunn, der staten og private skulle samarbeide. Denne forma for samarbeid vart rådande i åra etter krigen. Fellesprogrammet teikna òg opp korleis det norske samfunnet skulle normaliserast etter krigsåra. Arbeid for alle og auka produksjon var det uttalte målet for næringslivet og all økonomisk verksemd, og det skulle skje ved rettferdig fordeling på ein måte som gav folk gode kår. Fagrørsla sitt perspektiv var tydeleg, og Fellesprogrammet gjorde det klart at alt lønsarbeid skulle regulerast ved tariffmessige overeinskomstar.

Både Norges Kommunistiske Parti og Høgre slutta seg til programmet. I valkampen i 1945 stilte dei ulike partia eigne lister, men dei stod samla bak Fellesprogrammet. Det var likevel på langt nær full politisk semje mellom dei ulike partia. Det var sterk usemje om utviklinga av samfunnssystemet. Særleg i striden om reguleringspolitikken som desse skilnadane til syne. Arbeidarpartiet såg ei vidareføring av kontroll og regulering under krigsøkonomien som ei erstatning for den sosialiseringa og sosialismen partiet tidlegare hadde fremja. Høgre meinte derimot at reguleringa øydela for den økonomiske utviklinga og tilliten i samfunnet.

Konflikten kom tydeleg fram i striden om fullmaktslovene, som gav mykje makt til regjeringa og direktorata. Striden toppa seg i spørsmålet om pris- og rasjonaliseringslovene i 1952, der regjeringa ønskte å vidareføre vidtgåande fullmakter frå den første etterkrigstida i permanente lover. Arbeidarpartiet modererte seg etter kvart kraftig og la fram ei modifisert utgåve av prislova, noko som roa ned saka.

 

Kjelder

Trond Bergh og Helge Ø. Pharo (red.): Vekst og velstand. Norsk politisk historie 1945–1965. Oslo 1981

Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Industrisamfunnet – frå vokstervisse til framtidstvil. Oslo 2000

Tore Pryser: Klassen og nasjonen (1935–1946), bd. 4 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Oslo 1988

Francis Sejersted: Demokrati og rettsstat. Politisk-historiske essays. Oslo 1984

Hallvard Tjelmeland: «Kva gjorde krigen med Norge?» i Nytt Norsk Tidsskrift nr. 1/1996

 

Francis Sejersted : «Striden om fullmaktslovene», snl.no: https://snl.no/Striden_om_fullmaktslovene [lesedato 29.1.2019]

Først publisert: 15.08.2019
Sist oppdatert: 15.08.2019