Hopp til innhold
«Gjøa». Dias. Foto: Anders Beer Wilse/DEXTRA FOTO, kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no  CC BY 4.0.
«Gjøa». Dias. Foto: Anders Beer Wilse/DEXTRA FOTO, kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no CC BY 4.0.
X
Innhald

«Gjøa»

«Gjøa» er skipet Roald Amundsen brukte på turen gjennom Nordvestpassasjen i 1903–06.

«Gjøa» var det første skipet som sigla gjennom heile Nordvestpassasjen. Roald Amundsen leia ekspedisjonen som varte i tre år, frå 1903 til 1906. Mannskapet bestod i tillegg av Amundsen av Godfred Hansen, Gustav Juel Wiik, Helmer Hanssen, Anton Lund, Peder Ristvedt og Adolf Henrik Lindstrøm. Ekspedisjonen starta frå Kristiania 16. juni 1903. 31. august 1906 kom dei til Nome i Alaska. «Gjøa»-mannskapet kom tilbake til Noreg 20. november 1906.

«Gjøa» tok 45 netto registertonn, var 70 fot langt og 20 fot breitt. Skipet vart bygt i 1872 og gjekk først i sildefart og kom deretter i ishavsfart. Skipet vart forsterka og bygt om til ekspedisjonen til Amundsen. Det vart i 1909 gitt til San Francisco by, men i 1972 vart det overdrege til Norsk Sjøfartsmuseum. I dag står det utanfor Frammuseet på Bygdøy i Oslo.

galleri
Mannskapet på «Gjøa», 1903. Roald Amundsen er nummer fire framme frå venstre. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no CC BY 4.0.

Kjelder

«Gjøa», frammuseum.no: http://www.frammuseum.no/Visit-the-Museum/GJOA.aspx?lang=nn-NO [lesedato 18.11.2016]

«Gjøa-ekspedisjonen (1903-1906)», frammuseum.no: http://www.frammuseum.no/Polar-Expedition/The-Northwest-Passage-(1903-1906).aspx?lang=nn-NO [lesedato 18.11.2016]

«Amundsens ekspedisjon gjennom Nordvestpassasjen», nettutstilling på arkivverket.no: http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-arkivet/Nettutstillinger/Amundsens-ekspedisjon-gjennom-Nordvestpassasjen [lesedato 18.11.2016]

Jan-Tore Berghei: «Gjøaekspedisjonen», polarhistorie.no: http://www.polarhistorie.no/ekspedisjoner/gjoaekspedisjonen [lesedato 18.11.2016]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.02.2016
Sist oppdatert: 18.11.2016