Hopp til innhold
X
Innhald

Intelligenspartiet

Intelligenspartiet var ei gruppe av yngre akademikarar i 1830-åra med eit danskvenleg syn. Johan Sebastian Welhaven var ein av frontfigurane.

Intelligenspartiet, gruppe av yngre akademikarar, mellom dei forfattaren og filosofen Johan Sebastian Welhaven, Schweigaard og Stang, som i 1832 gjekk ut av Studentersamfundet og danna Det norske Studenterforbund. Partiet hadde eit konservativt og danskvennleg grunnsyn. Fleire av dei var seinare stiftarar av partiet Høgre.

Intelligenspartiet spilte ei rolle i det offentlege, politiske ordskifter i 1830åra. Partiet gav ut tidsskriftet Vidar og frå 1836 avisa Den Constitutionelle.

Intelligenspartiet var ein politisk motpol mot Patriotene, der Henrik Wergeland var sentral.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016