Hopp til innhold
X
Innhald

Kieltraktaten

Kieltratraktaten var ein avtale mellom den svenske og danske kongen, som vart underteikna i Kiel 14. januar 1814. I avtalen skulle kongen av Danmark, Fredrik VI, gje Noreg til kongen av Sverige. Kieltraktaten var ei viktig brikke i sjølvstendeopprøret som førte fram til Grunnlova på Eidsvoll i 1814.

Kieltratraktaten var ein avtale mellom den svenske og danske kongen, som vart underteikna i Kiel 14. januar 1814. I avtalen skulle kongen av Danmark, Fredrik VI, gje Noreg til kongen av Sverige. Noreg vart tenkt å vere eige kongedøme, men ein del av Sverige. Danmark fekk Pommern og Rügern og ein million riksdalar. Danskekongen fekk berga dei gamle norske områda, Island, Grønland og Færøyene, som framleis skulle vere ein del av kongeriket Danmark.

Bakgrunnen for avtalen i Kiel, var at den danske kongen hadde tapt Napoleonskrigen. Den svenske kronprinsen, Carl Johan, stod med soldatar nord i Tyskland, klar til å angripe Danmark. Storbritannia deltok i forhandlingane i Kiel, og etter fire dagar aksepterte den danske kongen, Fredrik VI, å gje frå seg Noreg som straff for at han hadde støtta Napoleon under krigen.

Sjå video frå NRK Skole Forspillet til 1814:



Avtalen i Kiel vart inngått utan at Noreg involvert og avtalen er aldri godkjend av Noreg. Noreg hadde i 1814 vore ein del av Danmark i 400 år.

Nordmenn opplevde Kieltraktaten som ei krenking, men traktaten viste seg å vere ei viktig brikke i å verte eit sjølvstendig land, og å få på plass Grunnlova på Eidsvoll. Den den danske kronprinsen, statthaldaren og øverstkommanderande i Noreg, Christian Fredrik vart valt som norsk konge.

Kjelder

Nettstaden til Eidsvoll 1814: www.eidsvoll1814.no [lesedato 14.1.2014]
«Freden i Kiel», Riksarkivet: http://www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/1814/Paa-vei-mot-1814/Stattholderen-som-ble-opproerer/Freden-i-Kiel [lesedato 14.1.2014]

Først publisert: 14.01.2014
Sist oppdatert: 07.03.2016