Hopp til innhold
Statsminister Einar Gerhardsen på talarstolen Stortinget under Kings Bay-debatten i 1963. Foto: Åsgeir Valldal/Dagbladet. Kjelde: Norsk Folkemuseum CC BY SA 3.0
Statsminister Einar Gerhardsen på talarstolen Stortinget under Kings Bay-debatten i 1963. Foto: Åsgeir Valldal/Dagbladet. Kjelde: Norsk Folkemuseum CC BY SA 3.0
X
Innhald

Kings Bay-saka

Kings Bay-saka, sak som førte til regjeringskrise i 1963, etter ei ulukke i Kings Bay-gruvene på Svalbard.

Kings Bay-saka er namnet på dei politiske følgjene etter ei ulukke på Svalbard i 1963. King Bay- saka førte til regjeringskrise i 1963, etter ein eksplosjon i Kings Bay-gruvene på Svalbard 5. november 1962. 21 gruvearbeidarar omkom i eksplosjonen.

I juni 1963 la granskingsutvalet, Tønseth-kommisjonen, fram ein rapport der tryggleiken ved gruvene vart skarpt kritisert. Industriminister Kjell Holler gjekk av som ein konsekvens av rapporten. Regjeringa la fram eit stortingsmelding om ulukka. Under handsaminga av stortingsmeldinga fremja dei borgarlege partia mistillitsforslag mot regjeringa. Forslaget vart vedteke med 76 mot 74 stemmer, og regjeringa Gerhardsen gjekk av

Ei regjering av fire borgarlege parti med John Lyng som statsminister vart utnemnd 25. august 1963. Etter fire veker vart regjeringa Lyng felt, og Gerhardsen vart på nytt statsminister. Avgjerande ved begge voteringane var dei to representantane frå SF.

Sjå video frå NRK Skole om Gerhardsen og Kings Bay (Sendt 1983):




 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 31.01.2019