Hopp til innhold
Lars Oftedal. Illustrasjon av Hans Christian Olsen. Verket er falle i d et fri.
Lars Oftedal. Illustrasjon av Hans Christian Olsen. Verket er falle i d et fri.
X
Innhald

Lars Oftedal d.e.

Lars Oftedal d.e., 1838–1900, var prest, pressemann og politikar frå Stavanger. Han stod for ei av dei største skandalane i landet i 1890-åra.

Lars Oftedal d.e., 1838–1900, var prest, pressemann og politikar frå Stavanger.

Oftedal var ein svært mektig mann i Stavanger. Han var ein kjend talar, og arrangerte oppbyggingsmøter i lekmannstradisjonen og starta bedehuset Bethania. 1200 elevar deltok på menigheitsskulen han dreiv i Stavanger, i ei tid der innbyggjartalet i byen var på nokre og tjue tusen. Bethania vart det største menigheitshuset i landet og dei mange tusen som strøymde dit for å lytte til Oftedal, gav han stor makt. Rundt forsamlingslokalet bygde han trykkeri, bokhandel, stempelfabrikk, skomakarverkstad, skular og bustadhus. Trykkeriet gav ut avisa han redigerte, Vestlandsposten, som var den største avisa utanfor Kristiania og også partiavis for Moderate Venstre.

Oftedal representerte Venstre på Stortinget i 1883–85 og 1889–91. Han var ein av leiarane i Moderate Venstre. Kulturpolitisk var han konservativ og kjempa mot diktargasje til Alexander Kielland. Han var omdiskutert og i 1889 gav Knut Hamsun ut skriftet Lars Oftedal der han kom med knallhard kritikk mot personen Oftedal, som Hamsun omtala som "Vise-Gud".

I 1891 var ei gudsteneste i Petrikyrkja i Stavanger som skreiv seg inn i historiebøkene. Det var ikkje sokneprest Lars Oftedal som heldt messa som han brukte, men kapellanen. Oftedal sette seg på ein stol framme ved koret. Då gudstenesta var slutt, stilte Oftedal seg i kordøra, tok ordet og sa at han søkte avskil, fordi han hadde gjort seg skuldig i usedelegheit. Folk i kyrkja gret og svima av, og saka vekte oppsikt også i utlandet. Skandalen var så stor at kong Oscar i Sverige bad om detaljane og kyrkjeministeren måtte rydde opp. Etter to veker kom biskopen frå Kristiansand til Stavanger for å halde ein tale om saka, og mange tusen menneske var samla.

Saka enda med at Lars Oftedal fekk avskil som prest, i unåde og utan pensjon. Han måtte seie frå seg redaktørjobben i Vestlandsposten, han sa frå seg vervet som stortingsrepresentant og gjekk av som leiar for stiftinga Bethania.

Historikaren Berge Furre har freista å nøste opp i kva det var Oftedal hadde gjort. Venstre-folk kravde rettssak for å få sanninga på bordet og landet kokte av rykte, også i avisene. Det vart laga skillingsviser om Oftedal. I ettertid er det ingen som har kome med fakta på bordet for kva som eigentleg hadde skjedd.

Lars Oftedal forsvann ikkje frå den offentlege arenaen i Noreg. To år etter skandalen i Stavanger starta han ei ny avis, der han var eigar og redaktør. Avisa heiter den dag i dag Stavanger Aftenblad.

Kjelder

Furre, Berge: Soga om Lars Oftedal. Det Norske Samlaget 1990
Omdal, Svein Egil: "Paven av Stavanger har falt", publisert 6.4.2010 http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/Paven-av-... [lesedato 1.4.2016]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.04.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016