Hopp til innhold
X
Innhald

«Latham II»

«Latham II», fransk sjøfly som Roald Amundsen, Leif Dietrichson og fire andre styrta med i 1928 ved Bjørnøya.

«Latham II», fransk sjøfly som Roald Amundsen, Leif Dietrichson og fire andre styrta med då dei 18. juni 1928 starta frå Tromsø på leiting etter «Italia», det havarerte luftskipet til italienaren Nobile. «Latham II» styrta truleg i nærleiken av Bjørnøya. Det er funne vraktrestar av flyet, men sjølve flyet og Amundsen er aldri funne.


Latham 2 og Roald Amundsen Foto med løyve frå Norsk Luftfartsmuseum.jpg?w=600

Latham II og Roald Amundsen. Ukjend fotograf. Foto med løyve frå Norsk Luftfartsmuseum.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 18.03.2016