Hopp til innhold
X
Innhald

Lilletinget

Lilletinget, folkeleg namn på det landsmøtet som vart arrangert i Christiania i 1851 for arbeidarforeiningsrepresentantar som skulle drøfte politiske spørsmål medan Stortinget sat saman. Marcus Thrane var ein av leiarane. Ein undersøkingskommisjon som vart sett ned av styresmaktene, dømde Thrane og 133 andre medlemmer av Lilletinget til fengselsstraffer for påstått revolusjonær verksemd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 18.03.2016