Hopp til innhold
X
Innhald

Måløyraidet

Måløyraidet var den første allierte sigeren mot nazistane under andre verdskrigen, 3. juledag 1941. Her fall den norske motstandsmannen og sabotøren Martin Linge, sjef for Kompani Linge.

Måløyraidet var eit angrep på Måløy i Sogn og Fjordane av norske og allierte styrkar 27. desember 1941 med kodenamn Archery. Med støtte frå luft og sjø gjekk 576 soldatar i land.

Måløy var ein strategisk viktig stad under krigen, som innfallsport til Nordfjord og som konvoihamn for skipstrafikk over Stadthavet. Målet med raidet var å øydeleggje viktig tysk krigsindustri og tyske hamner. Operasjonen var også ein avleiingsmanøver for eit tilsvarande raid mot Reine i Lofoten. Operasjonen kom på britisk initiativ, var leia av britiske tropper og var ikkje godkjend av regjeringa Nygaardsvold. Åtaket skjedde i grålysninga tredje juledag.

galleri


Ei norsk avdeling deltok i raidet, under kaptein Martin Linge, sjefen for Kompani Linge. Kampane flytta seg på land og Martin Linge fall under dei valdsame gatekampane. 35 allierte fall under Måløyraidet.

200 tyskarar fall, og 100 vart tekne til fange. Ni tyske skip vart senkte og fleire tyske millitæranlegg vart brende. Det var også skade på sivile bygningar, mellom dei fabrikkar for sildeolje og hermetikk, telegrafstasjonen og fyrlykta.

galleri


Måløyaksjonen fekk store konsekvensar for krigen. Den britiske statsministeren Churchill greidde å sette ein støkk i tyskerane med desse raida. Aksjonen var den første allierte sigeren mot nazistane under andre verdskrigen.

Måløyraidet førte til omdiponering av tyske tropper. Samarbeidet mellom norske og britiske styresmakter fekk derimot ein knekk. Nordmennene var lite nøgde med at dei ikkje var informerte om Måløyraidet på førehand og det vart utskiftingar i den norske leiinga i London. I Kompani Linge førte Måløyraidet til ei krise: leiaren Martin Linge var borte og det vart stor misnøye med at norske styresmakter ikkje var involvert i avgjerder om raid på norsk jord. Forsvarsminister Oscar Torp reiste personleg til treningsbasen i Skottland for å ordne opp. Resultatet vart samarbeidsforumet The Anglo Norwegian Collaboration Commitee, som skulle planlegge og leie allierte aktivitetar i Noreg. Ein av leiarane vart kaptein Tronstad, som var den nye sjefen i Kompani Linge.


Lenker

Det finst filmopptak av planlegginga og gjennomføringa av Måløyraidet, laga av Gaumont British News. Filmen er på engelsk og kan sjåast hjå Imperial War Museums:
http://www.iwm.org.uk/collections/item/object/1060...

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2016
Sist oppdatert: 05.01.2018