Hopp til innhold
X
Innhald

Mehamnopprøret

Mehamnopprøret, protest mot kvalfangst som fann stad i juni 1903. Meir enn 1000 fiskarar gjekk til angrep på kvalfangststasjonen i Mehamn i Finnmark og øydela han. Kvalfangsten hadde gått føre seg i ein mannsalder, og fiskarane meinte han øydela kystfisket. Regjeringa sette inn politi og militære styrkar, og det vart også eit rettsleg etterspel. Kvalen langs norskekysten vart året etter freda i ti år.
 
Mehamnopprøret var ei av fleire saker som førte til eit valskred for Arbeidarpartiet i Troms same året.

Sjå video frå Gamvik museum, som fortel historia om Mehamnopprøret:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2015
Sist oppdatert: 02.02.2015