Hopp til innhold
X
Innhald

Milorg

Milorg, militær motstandsorganisasjon i det okkuperte Noreg som vart bygd opp i 1940–45. I 1945 var over 40 000 nordmenn medlem i Milorg.

Milorg, militær motstandsorganisasjon i det okkuperte Noreg som vart bygd opp i 1940–45. Organisasjonen vart anerkjent av den norske regjeringa i London i november 1941.
 
Ved utgangen av 1944 var det over 30 000 med i Milorg, og ved kapitulasjonen talde organisasjonen over 40 000.
 
Milorg-fenrik Terje Rollem i nikkers og selbustrømper overtek Akershus-festning av Wehrmacht-major Josef Nichterlein 11. mai 1945. Foto: Johannes Stage. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 3.0
 
Milorg-fenrik Terje Rollem i nikkers og selbustrømper overtek Akershus-festning av Wehrmacht-major Josef Nichterlein 11. mai 1945. Foto: Johannes Stage. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 3.0
 
 
Siste krigsvinteren stod Milorg bak ei rekkje sabotasjeaksjonar. Etter krigen vart Milorg grunnstammen i det nyoppretta heimevernet. Mange offiserar med bakgrunn i Milorg gjorde militære karrierar etter krigen, og leiaren, Jens Christian Hauge, vart forsvarsminister i 1945.

Sjå video frå NRK Skole om Milorg:
 
 
 

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 11.06.2015