Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonal Samling (NS)

Nasjonal Samling (NS), politisk parti som vart stifta i 1933 av Vidkun Quisling. Partiet var sterkt prega av fascisme og etter kvart nasjonalsosialisme og antisemittisme. NS-medlemmar vart tiltalt for landssvik etter krigen.

Nasjonal Samling (NS), politisk parti som vart stifta i 1933 av Vidkun Quisling. Partiet var sterkt prega av fascisme og etter kvart nasjonalsosialisme. Partiet delte nazistane sitt syn på at enkelte menneske var overegne andre, og at den "ariske" eller "nordiske" rase var overlegen. NS vart etter 1938 sterkt prega av antisemittisk tankegods og etablerte nærare kontakt med det tyske nazipartiet.

NS var misfornøgd med både demokratiet og parlamentarismen og i partiet var det "førarprinsippet" som gjaldt.

Partiet fekk 27 850 stemmer ved stortingsvalet i 1933 og 26 577 stemmer ved valet i 1936, noko som tilsvara 1,83 prosent av stemmene. NS fekk ingen mandat i Stortinget. Ved kommunevalet i 1934 fekk NS stemt inn 69 representantar i norske kommunestyre.


galleri

På okkupasjonsdagen 9. april 1940 heldt Vidkun Quisling ein radiotale der han erklærte av regjeringa Nygaardsvold var avsett og at han hadde gjennomført eit statskupp og utnemnd ei ny regjering. Denne "regjeringa" vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta etter berre ei veke. Tyskerane ville ha eit riksråd som samarbeidde med okkupasjonsmaklta, men dette vart det ikkje noko av. Den 25. september 1940 erklærte erklærte den tyske okkupasjonsmakta at NS som det einaste lovlege partiet i Noreg. Qusling fekk tittelen "ministerpresident".

Ved sida av dei meir vanlege partiorgana hadde NS også eigne halvmilitære troppar, Hirden, etter italiensk og tysk mønster.

Den norske regjeringa i London erklærte 22. januar 1942 at det var strafbart å vere medlem i NS. Under rettsoppgjeret etter krigen vart NS-medlemmar tiltalt for landssvik. NS har ikkje eksistert sidan 1945.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.03.2016
Sist oppdatert: 30.03.2016