Brexit
En mann vifter med Storbritannias flagg (union Jack) og EU-flagget utenfor det britiske parlamentet i en protest mot Brexit 28. juli 2016. 2016. I en folkeavstemning 23. juli stemte britene for å melde Storbritannia ut av EU.
Brexit
Av /NTB scanpix.

Folkeavstemning, også kalla referendum, er avstemning blant alle borgarar med stemmerett om eit nærare avgrensa politisk spørsmål. Folkeavstemning er eit demokratisk styringsprinsipp som skal sikre at avstanden mellom folkeviljen og dei styrande ikkje vert for stor. Folkeavstemningar kan haldast på nasjonalt, regionalt eller lokalt nivå.

Faktaboks

Også kjend som

referendum

Alle folkeavstemningar verkar retningsgivande for dei politiske organa. Skiljet mellom avgjerande og rådgivande folkeavstemning er derfor meir formelt enn reelt, i alle fall når det gjeld landsomfattande folkeavstemningar.

Direkte og indirekte demokrati

Folkeavstemningar kan sjåast på som ei form for direkte demokrati, der borgarane uttaler seg direkte i konkrete saker. Alle moderne demokrati er likevel hovudsakleg indirekte eller representative demokrati, der borgarane ikkje uttaler seg direkte om enkeltsaker, men vel representantar som tek standpunkt i konkrete saker for dei.

I dei fleste demokrati er det berre aktuelt med folkeavstemning i viktige nasjonale saker og i saker der det er grunn til å tru at det er ein viss avstand mellom borgarane og dei valde representantane sine oppfatningar.

Begge delar var tilfelle med dei norske avstemningane om medlemskap i EF/EU i 1972 og 1994 (sjå EU-striden). Det har òg vore halde ei rekkje lokale rådgivande folkeavstemningar. Eit døme er avstemninga i september 2013 som omhandla spørsmålet om Oslo skulle søkje om å få arrangere vinter-OL i 2022.

Vilkår for folkeavstemning

Det finst tre ulike vilkår for at ei folkeavstemning skal kunne gjennomførast. I land med obligatorisk referendum er det fastlagt at folkeavstemning skal haldast i samband med bestemte saker, hovudsakleg ved konstitusjonsendringar. Fakultativt referendum vil seie at ei regjering, ein del av den lovgivande forsamlinga eller borgarar kan fremje krav om folkeavstemning – det siste vert kalla folkeinitiativ. Ved frivillig referendum kan den lovgivande forsamlinga gjennom fleirtal sjølv ta initiativet.

Ei folkeavstemning kan anten vere avgjerande eller rådgivande. I det første tilfellet avgjer dei stemmeføre spørsmålet det gjeld direkte gjennom avstemninga. Viss folkeavstemninga er rådgivande, gir dei stemmeføre eit råd til dei som skal fatte den endelege avgjerda, til dømes ei nasjonalforsamling.

Avgjerande folkeavstemning blir nesten berre brukt i grunnlovssaker. I Sveits og nokre delstatar i USA kan den likevel òg bli brukt i andre saker. Mange land sine forfatningar, slik som for Sverige, heimlar tilgang til rådgivande folkeavstemning. I den norske Grunnlova er folkeavstemning ikkje nemnt, men det er likevel ikkje til hinder for å halde rådgivande folkeavstemningar.

Folkeinitiativ

EF-avstemning 1972
Folkeavstemning om Norges forhold til EF i 1972. Barometeret i fjernsynsstudioet som skal vise i hvilken retning flertallet går. Geir Helljesen og Lars-Jacob Krogh kommenterer i TV-studio.
EF-avstemning 1972
Av /NTB.
Folkeavstemning (EF 1972)

I september 1972 ble det avholdt folkeavstemning i Norge. Spørsmålet var ja eller nei til EF (De europeiske fellesskapene), forløperen til EU.

Av /NTB Scanpix ※.

Ved direkte folkeinitiativ utformer veljarane sjølve spørsmålet det skal røystast over, medan indirekte folkeinitiativ fungerer som ei etterprøving av saker som allereie er behandla i politiske organ. Det finst kriterium for bruk av denne type folkeavstemning, ved at eit bestemt antal borgarar må stille seg bak kravet i form av underskrifter. I Sveits er folkeinitiativ nytta både nasjonalt og i lokaldemokratiet – særleg i dei større kommunane og i dei fransktalande delane av landet med lokale parlament. Også ei rekkje delstatar i USA nyttar ordninga. Sidan 1970-åra har Italia nytta indirekte folkeinitiativ på nasjonalt nivå som etterprøving av lover.

Ideologisk grunnlag

Det er tanken om folkesuverenitet som ligg til grunn for prinsippet om folkeavstemning, altså tanken om at all legitim statsmakt spring ut frå folket. Det er dette som gjer at folkeavstemning som uttrykk for direkte demokrati kan foreinast med og nyttast som styringsprinsipp i det moderne representative demokratiet. Ei sentral inspirasjonskjelde har vore Jean-Jacques Rousseau, som var den første til å formulere omgrepet skriftleg. For Rousseau var folkesuverenitet naturrettsleg, og utgangspunkt for det han kalla allmennviljen. Han hevda at allmennviljen ikkje kunne representerast ved val, og han har difor vorte rekna som den ideologiske faren til folkeavstemninga og det direkte demokratiet.

Argument mot folkeavstemning

Eit hovudargument mot folkeavstemning er at det ikkje finst nokon garanti for at den eigentlege folkeviljen kjem til syne. Andre argument har vore at det ikkje nødvendigvis aukar den politiske ansvarskjensla hos veljarane, og at manglande innsikt i sakene det skal røystast over, kan føre til dårlege avgjerder. Ordninga kan føre til at folkevalde representantar i mindre grad kan haldast ansvarleg for den politiske utviklinga, og til større avstand mellom veljarane og partia. I staden for å medverke til politisk stabilitet gjennom kompromiss og semje kan folkeavstemning skape konfliktar.

Folkeavstemningar i Noreg

Folkeavstemning (monarki 1905)

Folkeavstemning i Noreg 12. og 13. november 1905: Ja eller Nei til monarkiet?

Av /NTB Scanpix ※.
13. august 1905 blei det halde folkeavstemning i Noreg om oppløysinga av unionen med Sverige. Bilete frå Fotograf Nyblins fotoforretning i Oslo under folkeavstemninga.
Telemark Museum.
Lisens: CC BY 3.0

Stortinget innførte i 1892 lokal rett til folkeavstemningar i Noreg. I 2009 vart kommunane sin rett til rådgivande folkeavstemning lovfesta. I perioden 1970–2010 vart det halde 695 folkeavstemningar på lokalt nivå, relatert til alkohol, kommunegrenser og målsak. Mellom 1965 og 2006 vart det røysta 352 gonger over opplæringsspråk i skulen. Også kyrkjelydane har halde rådgivande folkeavstemningar om bruk av målform.

Det har elles vore halde seks rådgivande landsomfattande folkeavstemningar i Noreg:

  • Unionsoppløysinga i 1905: Dei to første var i 1905, om godkjenning av unionsoppløysinga og om styreform i Noreg. Resultatet var at 99,95 prosent stemde for unionsoppløysing og 78,9 prosent stemde for monarki. Det var berre menn som hadde statsborgarleg stemmerett og kvinnene fekk ikkje delta i avstemningane. Det vart likevel organisert ein underskriftskampanje blant norske kvinner til støtte for unionsoppløysinga.
  • Forbod mot sal av brennevin: Den tredje og fjerde folkeavstemninga vart halden i 1919 og 1926. Begge gjaldt forbod mot sal av brennevin. Resultatet i 1919 var 61,6 prosent for; i 1926 var 55,7 prosent mot.
  • Medlemskap i EF/EU: Den femte og sjette folkeavstemninga vart halden i 1972 og 1994. Begge omhandla norsk medlemskap i EF/EU. Resultata var høvesvis 53,5 og 52,2 prosent mot medlemskap.

I tillegg har det vore halde ei rekkje lokale folkeavstemningar i norske kommunar, mellom anna om endringar i kommuneinndelinga.

Folkeavstemning i verda

Halvparten av alle nasjonale folkeavstemningar i verda har vore haldne etter 1970, hovudsakleg i Sveits. Sidan 1848 har alle store lovendringar i Sveits vorte til ved folkeavstemningar, både nasjonalt og i dei 26 kantonane i landet.

Sveits og USA er dei landa der folkeavstemningar er mest brukte, men dei har òg vore mykje nytta på nasjonalt nivå i Uruguay i Sør-Amerika og Algerie i Afrika. Land som Belgia, Storbritannia og Tyskland har vore særs tilbakehaldne med bruk av folkeavstemningar på nasjonalt nivå.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tor Bjørklund (2005): Hundre år med folkeavstemninger: Norge og Norden 1905–2005. Oslo: Universitetsforlaget
  • Bjørlo, Stein og Tjora, Øystein (1997): Norsk politikk. Oslo: Cappelen Damm
  • Svensson, Palle (2003): Folkets røst. Aarhus Universitetsforlag
  • Wyller, Thomas Christian (1992): Skal folket bestemme? Folkeavstemning som politisk prosess. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg