Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Lykke

Niels Lykke, ca. 1492–1535, var dansk adelsmann. Lykke var gift med Eline Gyldenløve, dotter av fru Inger til Austråt. I 1528 vart han send til Noreg av Frederik I, og i 1532 vart han norsk riksråd. Lykke stod i opposisjon til erkebiskop Olav Engelbrektsson, som tok han til fange og lét han «røke i hjel».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2016
Sist oppdatert: 21.03.2016