Hopp til innhold
X
Innhald

Noreg under andre verdskrigen

Noreg valde motstand då Tyskland gjekk til åtak 9. april 1940. Etter to månaders kamp måtte dei norske styrkane gi opp, men motstanden heldt fram både på heimefronten og utefronten. Noreg kom lettare frå krigen enn mange andre land, men røynslene frå krigsåra sette likevel djupe spor og bana veg for ein ny forsvars- og utanrikspolitikk etter krigen

Då verdskrigen råka norsk jord 9. april 1940, hadde han alt vart i sju månader. Straks han braut ut, hadde Noreg sagt seg nøytralt og mobilisert Sjøforsvaret og Luftforsvaret til å stå vakt om nøytraliteten. Snart kom dei første krigsforlisa: 55 skip vinteren 1939–40. Men då overfallet på Noreg kom, var det uventa for dei fleste. Dei visste ikkje at ei utvikling lenge hadde vore i gang der landet kom lenger og lenger inn i spenningsfeltet mellom dei krigførande statane, og at begge partar hadde utvikla planar om strategisk bruk av norsk område.

Då sovjetiske styrkar gjekk inn i Finland 30. november 1939, kom krigen til Norden. Frankrike og Storbritannia arbeidde med planar om å kome Finland til hjelp. Eitt prosjekt var landgang i Narvik og vidare marsj gjennom Sverige. Ein slik operasjon kunne samtidig stanse sjøtransporten av svensk malm til Tyskland. Norske styresmakter var avvisande til ein slik gjennommarsj. Likevel kom planane så langt at skip og troppar blei samla i britiske hamner for landgang i Narvik. Britiske planleggjarar rekna med tyske mottiltak og vurderte å kome dei i forkjøpet ved å hærsetje Trondheim, Bergen og Stavanger. Men då Vinterkrigen i Finland tok slutt 13. mars 1940, blei slike planar uaktuelle.

Ein annan britisk plan var å mineleggje delar av norskekysten for å tvinge tyske malmskip ut i internasjonalt farvatn, der krigsskip kunne ta seg av dei. Denne planen blei sett i verk 8. april. Den norske regjeringa fekk ein note om minelegging tre stader på kysten. Britiske troppar gjekk om bord i transportskip for å vere klar i tilfelle Tyskland svarte med landgang i Noreg. Men så viste det seg at den tyske invasjonen alt var i gang.

galleri

På tysk side tok liknande planar form frå slutten av desember 1939. Marineleiinga hadde lenge ønskt seg basar på norskekysten for ubåtkrigen i Atlanterhavet. No ville dei vende Hitlers interesse nordover, og då føraren for Nasjonal Samling (NS), Vidkun Quisling, gjesta Berlin før jul, ordna dei tyske venene hans i den tyske marinen og i Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) sitt utanrikskontor (Alfred Rosenberg) to møte med Hitler. Der hevda Quisling at Storbritannia hadde ein avtale med Noreg om fri gjennommarsj i krigstilfelle. Noreg var styrt av marxistar og jødar, særleg stortingspresidenten, C.J. Hambro, og no hadde Stortinget gjort seg sjølv ulovleg ved å forlengje sin eigen mandatperiode i strid med Grunnlova, meinte han. Nasjonal Samling kunne difor tenkje seg å ta regjeringsmakta ved eit kupp og invitere Tyskland til å sende troppar. Dette forslaget vekte tysk interesse, og arbeidet med planar for ein eventuell invasjon kom i gang. Etter ei tid var detaljane klare for operasjon «Weserübung».

16. februar gjekk ein britisk jagar inn i den tronge Jøssingfjorden sør i Rogaland, der eit tysk militært hjelpefartøy, «Altmark», med fleire hundre britiske fangar, hadde søkt tilflukt. Jagaren forserte det norske vaktfartøyet, borda «Altmark» i ein samanstøyt som kosta sju tyske marinegastar livet, og tok med seg fangane. Mykje tyder på at denne hendinga blei avgjerande for Hitler: Noreg hadde ikkje hindra den britiske nøytralitetskrenkinga, og Tyskland hadde fått eit audmjukande nålestikk. Ei tid etter blei dagen fastsett – invasjonen skulle skje ved første nymåne.

Sjå video frå NRK Skole om krigsutbrotet:

Krig eller kapitulasjon

I grålysninga 9. april gjekk tyske styrkar til åtak og hærsette på få timar ei rekkje norske kystbyar, heilt nord til Narvik. Berre i Oslofjorden lykkast det å forseinke dei tyske planane. Kryssaren «Blücher» blei søkkt ved Oscarsborg festning. Kongen, regjeringa og Stortinget fekk tid til å kome seg ut av Oslo. Nokre timar seinare var hovudstaden teken av tyske flyborne troppar.

Regjeringa valde å gjere motstand, men Forsvaret var dårleg førebudd, og hjelpa frå vestmaktene var utilstrekkeleg. Tyskland hadde luftherredømet og greidde å få fram overlegne styrkar. Sør-Noreg måtte ein gi opp etter ein snau månad. Motstanden lykkast noko betre i Nord-Noreg. Den britiske marinen slo ut ein tysk flåtestyrke ved Narvik og kunne hindre at forsyningar kom fram til dei tyske styrkane i Narvik. I slutten av mai blei Narvik teken tilbake, og 2000–3000 tyske soldatar blei hardt pressa innover i fjella mot svenskegrensa av overlegne allierte styrkar. Men då Frankrike braut saman på vestfronten, valde dei allierte å trekkje styrkane sine ut av Nord-Noreg. Regjeringa gav då opp krigføringa i Noreg, drog frå landet 7. juni og gjekk i eksil i Storbritannia.

Åtaket 9. april overrumpla både norske og allierte styresmakter. Det var djervt. Ekspertane hadde rekna med at ein slik kombinert marine- og luftoperasjon var altfor vågeleg så lenge den britiske flåten var overlegen på havet. Tysk marineaktivitet i Nordsjøen tidleg i aprildagane blei nok registrert, men feiltolka: Den britiske marinen venta eit større utbrot mot Atlanterhavet og var på veg mot nordvest. Det som opptok norske styresmakter mest, var det britiske presset på den norske nøytraliteten, og i dei avgjerande timane: minelegginga og ei openberr britisk nøytralitetskrenking. Det kom fleire «varsel», mellom anna gjennom diplomatiske kanalar, som kunne tyde på tyske planar om eit overfall, men dei kom i bakgrunnen i heilskapsbiletet og blei feiltolka òg frå norsk side. Diskusjonen om desse «varsla» har vore livleg i ettertida.

Den tyske sendemannen Curt Bräuer oppsøkte utanriksminister Halvdan Koht om natta 9. april med eit ultimatum: Tyskland kom som vener og ville hindre britisk landgang. Norsk sjølvstende skulle ikkje krenkjast. Festningar og militæranlegg måtte opnast for tyske styrkar. All motstand måtte innstillast – eller bli knust. Det tyske ultimatumet blei same natta avvist samrøystes av regjeringa.

Korleis kunne det ha seg at regjeringa samla og så snøgt kunne avvise det tyske ultimatumet, medan Forsvaret blei overrent? Undersøkingskommisjonen etter krigen såg det som ein spontan reaksjon i ein uoversiktleg situasjon. Koht si forklaring kan vere betre: Regjeringa hadde lenge vore fast overtydd om at dersom det blei krig, måtte ikkje landet hamne på tysk side. Den linja slo igjennom i nattemørket 9. april.

Men då Stortinget seinare på dagen var samla på Hamar og Elverum, blei det vedteke at det likevel skulle forhandlast. Sendemann Bräuer bad om eit møte med kongen og møtte kong Haakon og utanriksminister Koht på Elverum neste dag. Men då hadde Quisling sett i verk «kupplanane» sine. Med hjelp frå tyske støttespelarar hadde han tvinga seg fram til mikrofonen i Oslo Kringkastar 9. april, forkynt at Nygaardsvold si regjering var gått av, at han sjølv hadde skipa regjering, og at all motstand mot tyskarane måtte ta slutt. Dette var uventa både for den tyske krigsleiinga og for sendemannen, men Hitler stilte seg like etter bak regjeringa Quisling. Difor kom Bräuer no med eit tilleggskrav i møtet med kongen og Koht, at regjeringa Nygaardsvold skulle vike for Quisling.

Høyr heile talen til Vidkun Quisling, verdas første statskupp over radio. Klokka 1930 9. april 1940 held leiaren for Nasjonal Samling, Vidkun Quisling radiotalen der han tek makta i Noreg. Lyd med løyve frå NRK.


Kongen la avgjerda i hendene på regjeringa, men sa at han for sin del ikkje kunne godta dei tyske krava. Hadde regjeringa eit anna syn, måtte han abdisere. På ny kunne ei samla regjering avvise dei tyske krava.

galleri


Med «kongens nei» var forhandlingslinja ute. Ville regjeringa ha gitt same svaret utan det kategoriske standpunktet til kong Haakon? Truleg ville ho det. Å vike for ei regjering Quisling var lite tenkjeleg. Men om kuppet til Quisling ikkje hadde kome? Ville regjeringa då ha prøvd ei ordning med tyskarane? Utenkjeleg er det ikkje. Forsvaret var nærmast i samanbrot. Krig kunne verke vonlaust. Ei fredsordning med norsk konstitusjonelt styre på akseptable tyske vilkår kunne sjå rimelegare ut. Men etter Quisling sitt kupp var ikkje det noko alternativ lenger. Bräuer kravde no at regjeringa skulle vike for eit marionettstyre. Quisling hadde i røynda slått forhandlingskorta ut av hendene på Bräuer.

Sjølv om regjeringa stod fast ved å seie nei, hadde ho vore nær eit moralsk samanbrot då Forsvaret såg ut til å vere i oppløysing, og motstand var nyttelaust. Nygaardsvold hadde ønskt å gå av, men Hambro fekk til ei ordning under stortingsmøtet på Elverum 9. april slik at regjeringa blei utvida med tre konsultative statsrådar frå dei borgarlege partia. Vidare blei det sidan frå møtet protokollert at regjeringa skulle ha ei fullmakt til å «ivareta rikets anliggender» på vegner av Stortinget og regjeringa til «presidentskapet i overensstemmelse med regjeringen innkaller Stortinget til møte igjen». Det har seinare vore diskutert om «Elverumsfullmakta» formelt var eit vedtak. Det er på det reine at det ikkje blei votert i saka, og protokollen blei sett opp i ettertid. Men det verkar klart nok etter dei stenografiske referata at Stortinget gav regjeringa fullmakt til å handle på vegner av Stortinget, truleg først og fremst med tanke på dei forhandlingane med tyskarane som då skulle kome.

Det braut ut panikk fleire stader i landet 9. og 10. april. Den 10. april nekta kong Haakon å utnemne ei regjering under leiing av Vidkun Quisling. Sjå video om kongens nei frå NRK Skole:



Krigen i Noreg våren 1940 varte i vel åtte veker. I alt kring 50 000 norske soldatar var under våpen i kortare eller lengre tid. Den tyske landgangsstyrken 9. april var på 8000–10 000 mann, men før kamphandlingane tok slutt, var kring 140 000 tyske mannskap overførte til Noreg. 11 000 allierte soldatar var med i Sør-Noreg og om lag 25 000 ved Narvik. Dei norske tapa var om lag 850 døde og like mange såra. Britane hadde om lag 1900 døde, såra og fangar til lands og 2500 til sjøs. Franske og polske styrkar miste om lag 500. Tyskland hadde kring 1300 døde og 1600 såra på land, medan 2400 tyske liv gjekk tapt under transport til Noreg.

Den traumatiske datoen

9. april 1940 – datoen blei eit omgrep, eit symbol, eit slagord i Etterkrigs-Noreg. Han symboliserte det ubudde Noreg i møtet med den tyske krigsmakta. «Aldri meir 9. april» blei eit slagkraftig argument for alliansepolitikken i NATO. Men korleis kunne det gå til at Noreg var så ubudd på det tyske angrepet? Hadde nokon svikta? Spørsmålet hang der under og etter krigen og overlevde tallause debattar. Arbeidarpartiet valde i 1945 å skuve Nygaardsvold til sides. «London-regjeringa» møtte noko blanda kjensler etter krigen. To kommisjonar blei sette ned for å granske den sivile og den militære leiinga med tanke på å gjere ansvar gjeldande. Det blei ikkje reist tiltale, men kritikken var alvorleg.

Det kan ikkje vere tvil om at Forsvaret blei forsømt og fekk små løyvingar i åra før krigen, og at regjeringa først frå 1937 kom i gang med å ruste opp. Ikkje før i 1938–39 fekk opprustinga noko særleg omfang. Regjeringspartiet må ta hovudansvaret for dette. Men det ber ikkje ansvaret åleine. Det var borgarleg fleirtal på Stortinget, og det er tvilsamt om ei borgarleg regjering hadde fått igjennom ein annan forsvarspolitikk. Høgre ville plusse godt på, men berre kvar femte veljar røysta på Høgre.

Ville eit sterkare forsvar ha avskrekka tysk okkupasjon? Ingen kan svare sikkert på det. Den tyske interessa av å unngå avsperring frå Atlanterhavet og hindre britiske basar i Noreg var sterk, og dei tyske røynslene med «den nøytrale allierte» frå første verdskrigen var beiske. Om eit åtak hadde kome, ville eit sterkare forsvar, bygd ut etter Høgre sine økonomiske rammer, ha kunna slå det tilbake?

Den tyske invasjonsstyrken var såpass liten at eit sterkare forsvar kunne ha gitt eit anna utfall – i alle fall med høgare beredskap. Men mot eit sterkare norsk forsvar ville vel Tyskland òg ha sett inn større styrkar? I alle fall er det sikkert at eit sterkare forsvar hadde ført til større tap av menneskeliv og større materielle øydeleggingar i Noreg.

Mange norske avdelingar kjempa djervt i 1940, men store styrkar la straks ned våpna utan motstand. Den militære undersøkingskommisjonen er langt frå åleine om å peike på det. Delar av offiserskorpset var lite mota på krig og endå mindre på krig med Tyskland. Somme var i tvil om kva for ei «regjering» dei skulle lyde, regjeringa til Nygaardsvold eller regjeringa til Quisling.

«Skulddelinga» i etterkrigstida har mykje gått etter politiske skiljelinjer. Høgresida har gitt regjeringa skulda, venstresida har skulda på offiserane. Det kan i alle fall trygt leggjast til at den gjensidige mistilliten mellom regjeringa og offiserskorpset var ein realitet. Og denne mistilliten var ein hemmande faktor både før krigen og i 1940.

Forsvarsevne er ikkje berre eit spørsmål om våpen, men òg om vilje. Det politiske demokratiet hadde mange tvilarar og kritikarar i mellomkrigstida. Med regjeringsskiftet i 1935 blei dei antidemokratiske kreftene på begge ytterkantar nærmast borte. Arbeidarrørsla tok medansvar for det politiske systemet som blei utfordra i 1940. Det gav ny handlekraft og tillit til dei politiske institusjonane og demokratiske verdiane. For motstandskampen som følgde etter det militære nederlaget i 1940, var dette viktig.

«Nyordning»

Militært var det tyske overfallet på Noreg ein triumf. Men politisk gjekk det ikkje så bra. Den primære tyske planen, å ta Oslo i grålysinga, ta kongen og regjeringa til fange og tvinge fram ein avtale, gjekk til botnar med «Blücher». Det blei krig, og dei tyske styrkane trong «arbeidsro» bak fronten, altså ei ordning med norske instansar om administrasjonen av dei okkuperte områda. Men skulle denne ordninga kome i stand, måtte Quisling bort. Han vekte for mykje motstand. Alt l4. april var «regjeringa» hans avskriven, også frå tysk side. Høgsterett gjekk med på å utnemne eit «administrasjonsråd», med fylkesmannen i Oslo, Ingolf Christensen, ein tidlegare forsvarsminister i ei høgreregjering, som leiar.

18. april kom Joseph Terboven, NSDAP-gauleiter i Essen, til Noreg med vide fullmakter til å få i stand eit norsk samarbeidsstyre med tilstrekkeleg legitimitet til å halde ro og sikre tyske strategiske og økonomiske interesser i Noreg.

Utover sommaren blei det forhandla i to fasar mellom Reichskommissar Terboven og presidentskapet i Stortinget (utan Hambro, som var i London) om å få i stand eit riksråd, ei regjering, utnemnd av Stortinget og samansett av framståande folk frå norsk samfunnsliv. Terboven lova altså norsk styre, men kongen og Nygaardsvold-regjeringa skulle avsetjast, og det skulle sluttast fred med Tyskland.

Presidentskapet gjekk inn på desse planane og sende sist i juni ei oppmoding til kongen om å «gi … avkall på sine forfatningsmessige funksjoner». Kong Haakon svarte med sitt andre vidgjetne nei i den norske radiosendinga i BBC 8. juli. Han avviste å handle i strid med Grunnlova og bøye seg for eit storting som ikkje hadde handlefridom.

Sidan blei stortingsrepresentantane kalla til Oslo og situasjonen drøfta i gruppene. Det viste seg at eit solid fleirtal var imot å avsetje kongen (bortsett frå Arbeidarpartiet, der fleirtalet var for – 33 mot 27), men eit nesten like stort fleirtal var budd på å vedta at kongen og kongehuset skulle tre tilbake «inntil fredsslutningen». Terboven aksepterte dette. Men det kom aldri til noko stortingsvedtak om å suspendere kongen. Tingingane køyrde seg fast på nye tyske krav, mellom anna på kor mange NS-medlemer det skulle vere i riksrådet.

Siste statsråd på norsk jord vart halde i Tromsø 7. juni 1940. Her vart det vedteke at Konge og regjering skulle ta sete i utlandet, nærare bestemt i London. Her held utanriksminister Halvan Kohn ein radiotale til folket. Lytt til lydklipp frå NRK Skole:


25. september 1940 slo Terboven spelet over ende i ein radiotale. Kongen og regjeringa blei avsette, administrasjonsrådet oppløyst og alle politiske parti utanom NS forbodne. I departementa var det innsett «kommissariske» statsrådar, dei fleste medlemer av NS. No fanst det berre éin veg «til i vidtgående utstrekning å vinne frihet og selvstendighet tilbake for det norske folk», og den «fører over Nasjonal Samling». Talen blei følgd opp med inngrep mot parti, organisasjonar og presse utover hausten og vinteren. Høgsterett la ned embeta sine i desember. Rettsstellet blei seinare «nyordna» med ein «folkedomstol» og tyske domstolar i tillegg til dei vanlege, og det blei utnemnt ein «nyordna» høgsterett. Politiet blei sett under press, og ein stor del av politifolka melde seg inn i NS. Også kommunestyra blei «nyordna». Departementet oppnemnde ordførarar som skulle styre etter førarprinsippet og elles søkje råd i nye «byting» og «heradsting». I mange tilfelle blei dei gamle ordførarane oppnemnde.

Sjølv om Quisling ikkje blei regjeringssjef – statsrådane var direkte underlagde Reichskommissaren – arbeidde NS for å etablere seg som statsberande parti og gjennomføre ein nasjonalsosialistisk revolusjon. Dei streva med å «nyordne» institusjonar og skaffe seg kontroll over organisasjonssamfunnet. Det var tautrekking og motsetningar mellom NS og Reichskommissaren om korleis denne prosessen skulle utviklast, og kor raskt, og det var krefter på tysk side som trekte i ulike leier. Utover i 1941 kvesste frontane seg til: «Haldningskampen» på norsk side blei sterkare, okkupasjonsstyret greip til terror, og NS kjende seg sterkt nok til djervare framstøytar. 1. februar 1942 blei Quisling innsett som «ministerpresident» ved ei såkalla «statsakt» på Akershus. Dei partilause statsrådane blei sette utanfor. Noreg fekk ei rein NS-regjering. Kampen mellom NS og dei tradisjonelle demokratiske kreftene gjekk inn i ein avgjerande fase.

Sjå video frå NRK Skole frå «statsakta» på Akershus slott 1. februar 1942. Tusenvis av menneske stod langs gatene og hylla NS-leiaren, «ministerpresident» Vidkun Quisling:

Det statsberande partiet

Då krigen kom, var Nasjonal Samling sterkt svekt av valnederlag og indre strid. Men samarbeidet med okkupasjonsmakta gav det ei ny og viktig rolle. Medlemstalet tok til å auke, særleg etter brotet i riksrådsforhandlingane. Partiet voks frå nokre få tusen til 25 000 sist i 1941. Toppen blei nådd i november 1943, med 43 000 medlemer. (Nokre tusen medlemer av Nasjonal Samlings ungdomsforbund kjem i tillegg.)

Medlemene i Nasjonal Samling kom frå alle lag av folket. Mange arbeidarar og bønder gjekk med, og innslaget av funksjonærar i offentleg teneste var relativt stort. Utdanningsnivået låg godt over gjennomsnittet. Ein god del av dei som hadde vore med i NS tidlegare, kom no tilbake, saman med andre frå ytre høgre fløy, mellom anna frå Fedrelandslaget. Også nokre etablerte politikarar frå høgre og venstre side slutta seg til. Men dei fleste i NS var nye i politikken, og mange var unge menneske.

Det var «lett» å melde seg inn det første krigsåret, for det var sannsynleg med tysk siger, og noka fast motstandshaldning fanst ikkje. Svært mange, kanskje dei fleste, rekna krigen for avslutta her til lands. Mange vona på ei fredsordning, og NS talte varmt for det.

Men etter kvart blei det kaldare kring partiet. Det ser ut til at unntakstilstanden og standrettsdomane hausten 1941 blei eit vendepunkt. Etter kvart snudde også krigslykka. Meir og meir innebar medlemskap stigmatisering og sosial isolasjon. Medlemskap var krevjande. Dei skulle styre eit land, fylle tusenvis av posisjonar i stat og kommune, presse og organisasjonar, tvinge eit motvillig folk inn i ein revolusjon. Det vanka materielle fordelar, men medlemene sakna heller ikkje motgang og aukande uro for framtida. Likevel var det få som melde seg ut – sjølv om det var mogleg, også ei tid etter at krigslykka hadde snudd. Men det blei vanskelegare etter kvart.

Motiva for å melde seg inn kunne vere fleire. Ein god del gjorde det under press. Det kunne stå om jobb og yrke. Somme såg ein sjanse til karriere og eit attraktivt embete. Dei fleste gjekk inn frivillig, og ein del hadde ei overtyding dei meinte var verd eit offer. Mange ville tene landet sitt ved å ta ansvar i ein ekstrem situasjon. Av dei yngre i stridsfør alder melde mange, kanskje eit fleirtal, seg til frontteneste. Ikkje alle fekk dra, men om lag 4500 blei frontkjemparar på tysk side, og vel 800 av dei kom aldri attende.

NS-folk hevda at overfallet 9. april var ein nasjonal katastrofe som «dei gamle partia» måtte bere ansvaret for, sidan landet ikkje var førebudd på krig og ikkje makta å hevde nøytraliteten mot Storbritannia. Tyskland kom då britane var på full veg inn. No hadde regjeringa rømt landet og svikta folket sitt på ny. Dei som var att, fekk handle realistisk i situasjonen. Berre NS kunne få i stand fred med Tyskland og hevde norsk styre i Noreg, var tankegangen.

NS-ideologien verka attraktiv på somme. Dei kledde seg i nasjonale fargar, skapte seg ei symbolverd frå vikingmytologien, brukte «solkorset» til partiemblem, helsa flagget og kvarandre med «heil og sæl», og dei skipa «hird» kring føraren, den sterke mannen som skulle føre landet ut av krisa og atterreise eit større og moralsk sunnare Noreg. Og dei meinte at i «førarprinsippet» var eit alternativ til «partikjevl» og «parlamentarisk rot». Dei ville stå for orden, disiplin og moral. Noko av dette var gangbart i ganske vide krinsar i Mellomkrigs-Noreg.

Nasjonal samling hadde mange underorganisasjonar, mellom anna NS Ungdomsfylking. I denne videoen frå NRK Skole fortel Bjørn Østring om arbeidet i NS Ungdomsfylking under krigen:




NS hevda å stå for ein norsk nasjonal revolusjon. Men sjølvbedraget var omfattande: I kvart departement sat tyske «Berater», og Reichskommissaren hadde siste ordet i alle viktige saker. Partiet kunne knapt røre seg utan tysk godkjenning. I røynda var NS ein forvaltningsreiskap for okkupasjonsmakta meir enn eit norsk «statsberande» parti. Planane om separatfred og eit sjølvstendig NS-Noreg var urealistiske, fordi Hitler sa blankt nei, og fordi NS hadde for lite støtte i folket til å tryggje eit styre utan okkupasjonsstyrkane. Kontrasten blei skrikande mellom den nasjonale retorikken og den faktiske tenarposisjonen under eit stadig meir brutalt okkupasjonsstyre.

Sivil motstand

Nasjonal Samling sitt politiske prosjekt var altså ikkje noko mindre enn ein nasjonal-sosialistisk revolusjon i Noreg, som skulle avløyse det representative demokratiet i statsskipnaden.

galleri

Det var dette politiske prosjektet som særleg vekte og dreiv fram den sivile motstanden. Det var ein våpenlaus haldningskamp for å hindre at Nasjonal Samling vann politisk og ideologisk hegemoni og kontroll, ein kamp for tradisjonelle norske verdiar, institusjonar og symbol. Målet var å samle det tradisjonelle Noreg – mot «den nye tid», samle det store fleirtalet og isolere tilhengjarane av «nyordninga». Sjølv om motstanden kom gradvis, og sjølv om han ikkje var like fast overalt, var det tale om ei brei folkerørsle, med tilslutning og sympati frå dei fleste, den breiaste folkerørsla vi har hatt i dette landet.

Organisasjonane blei den første slagmarka. Strategien til Quisling var å vinne lojaliteten til folket ved å ta kontroll over organisasjonslivet. Revolusjonen skulle kronast med eit riksting, eit korporativt statsstyre bygd på organisasjonane. Ei rad med framstøytar kom alt våren 1941. Men når organisasjonane blei «nyordna», med kommissarisk leiing, svarte gjerne eit fleirtal av medlemene med å melde seg ut. NS-styret sat att med eit tomt skal og postsekker fulle av utmeldingsskriv. Forsøk på å få til store næringssamband, til dømes bondesamband, fiskarsamband og arbeidssamband, lykkast dårleg. Forsøk på å einsrette kulturlivet blei møtt av idrettsstreik, teaterstreik og kinostreik. Ei viktig leiargruppe voks fram av motstanden i organisasjonane, Koordinasjonskomiteen (KK) frå vinteren 1941–42.

Ei skilsetjande hending var «mjølkestreiken» i september 1941. Misnøye med matforsyningane førte til streik på ein del Oslo-verkstader. Svaret blei militær unntakstilstand med standrett, massearrestasjonar og dei første dødsdomane for sivil motstand (AFL-advokat Viggo Hansteen og klubbformann Rolf Wickstrøm blei avretta). Slik bruk av terror var nytt og førte til kvasse frontar.

Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL) og forbunda blei no «nyordna». Men eit forsøk i 1942 på å skipe eit korporativt Norsk Arbeidssamband av AFL, Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) og Noregs Handverkarforbund blei regelrett stoppa av Reichskommissaren. Uro i arbeidslivet var det okkupasjonsmakta aller minst ville ha. Planane om eit riksting i 1942 måtte dei gi opp.

Statsakta på Akershus 1942 innleidde ein ny politisk offensiv for NS. No skulle ungdomen vinnast for den nye tida. Lærarane skulle inn i eit «Norsk lærarsamband», og alle unge mellom ti og atten skulle inn i «nasjonal ungdomsteneste.»

Lærarane protesterte, biskopane åtvara, og ei protestrørsle breidde seg blant foreldra. NS svarte med å arrestere 1100 lærarar og sende dei til Finnmark på hardt tvangsarbeid. Berre få lærarar bøygde seg. Også frå foreldra strøymde det inn titusenvis av protestar mot ungdomstenesta, kanskje over hundre tusen.

Meir og meir kom kyrkja i frontlinja. Biskopane hadde tidlegare vendt seg mot provokasjonar og overgrep frå hirda. No protesterte dei mot ungdomstenesta og la ned embeta. Prestane følgde etter. Skriftet «Kirkens grunn» blei lese opp frå preikestolane. Kyrkja viste til skrift og vedkjenning, nekta å lystre NS-styret og avviste at styresmaktene hadde rett til å oppsede borna i strid med samvitet til foreldre og lærarar. Kyrkja sa seg løyst frå bandet til statsmakta. Resten av okkupasjonstida var ho ei frikyrkje.

Informasjonskrigen

Haldningskampen nådde altså ein avgjerande fase alt vinteren og våren 1942, medan dei tyske hærane kontrollerte heile kontinentet og offensiven mot Russland framleis var framgangsrik. Denne folkerørsla reiste seg såleis i ei tid då «Tyskland sigra på alle frontar». Og ho verka under okkupasjonsvilkår som er vanskelege å førestille seg i ettertid. Det kunne ikkje kunngjerast eller haldast medlemsmøte eller demonstrasjonar. Avisene var einsretta. Radioapparata blei beslaglagde i 1941. All kommunikasjon var kontrollert av fienden. Motstand var «forbode» og måtte organiserast etter konspirative reglar, som det tok tid å lære. Politiinngrepa auka i omfang, effektivitet og brutalitet.

Men haldningskampen stod og fall med kommunikasjon. Skulle folk følgje parolar og retningslinjer, måtte dei få vite om dei. Radiosendingane frå London var viktige, men vegen om London var lang. Dei hemmelege avisene og kampen om dei blei eit avgjerande frontavsnitt. Det fanst mange hundre slike aviser, som kom ut regelmessig eller tilfeldig, lenge eller ei kort tid, til arrestasjonar sette ein stoppar for dei. Somme var prenta og profesjonelle og nådde vidt ut over store delar av landet (til dømes Bulletinen frå Kretsen, Fri fagbevegelse frå «fagleg utval», Friheten og Avantgarden frå Noregs Kommunistiske Parti), andre var små, lokale, skrivne med skrivemaskin og stensilerte eller kopierte med blåpapir. Innhaldet kunne vere parolar, kommenterande artiklar, dikt og framfor alt nyhende om korleis krigen utvikla seg, særleg frå London radio. Distribusjonsapparata var store og sinnrike, med viktige tyngdepunkt blant postfolk, jernbanefolk og sjåførar. Kampen mot den illegale pressa blei meir og meir nådelaus, med mange og omfattande opprullingar og harde straffer. Men omfanget av denne særmerkte pressa auka. Bladlappane gjekk frå hand til hand og nådde etter kvart ein stor del av folket, kanskje dei fleste, oftare eller sjeldnare.

NRK vart lagt under tysk kontroll 9. april 1940 og NRK måtte formidle tysk propaganda. NRK dreiv også sendingar frå London, saman med den norske eksilregjeringa. Dette førte til at tyskerane inndrog radioar, og det var forbode å lytte til radio i Noreg. Mange hadde illegale radioar gøymt.
Sjå video frå NRK Skole om NRK under krigen
:

Arbeidarrørsla under okkupasjonen

Dei fleste politiske partia lét seg oppløyse utan mykje motstand. Berre Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Det norske Arbeidarparti (DNA) hadde illegale styringsorgan i sving under krigen. Eit «politisk utval» var illegal DNA-leiing, medan «fagleg utval» var hemmeleg AFL-leiing. Elles hadde arbeidarrørsla politiske organ både i Stockholm, London og i fangeleirar i Noreg og Tyskland. Men hovudlinja var å inngå i ein brei nasjonal motstandsfront utan partipolitikk, og det sat arbeidarpartifolk både i Koordinasjonskomiteen, i Kretsen og i andre motstandsorgan.

Men den første tida etter krigsutbrotet var vanskeleg. Leiarane var spreidde mellom Oslo, London og Stockholm. Det var brytningar om kva som skulle gjerast. Tysk siger verka sannsynleg. I stortingsgruppa til DNA gjekk eit solid fleirtal inn for å avsetje kongen sommaren 1940. AFL la seg på ei tilpassingslinje for å fremje dei materielle interessene til medlemene. Næringslivet heldt på å gå i stå etter krigsutbrotet, og arbeidsløysa kom opp i 40 % av medlemene i AFL. Det galdt å halde oppe organisasjonen som eit vern for medlemene og arbeide for å få hjula i gang att. Elias Volan fungerte som formann dei første månadene, sidan tok bygningsarbeidarformannen Jens Tangen over etter tysk press. Dei prøvde å halde NS frå livet, men hadde eit komplisert samarbeidsforhold til okkupasjonsstyret. Det kom lønsnedslag og streikeforbod utan at AFL-leiinga sette seg imot. Ein opposisjon i Oslo var inne på tanken om å utnytte situasjonen til å styrkje arbeidarklassa si politiske makt i samfunnet.

Men etter unntakstilstanden hausten 1941 blei det sett inn «kommissarisk leiing», og fagrørsla gjekk under jorda, med illegale organ sentralt og lokalt.

Ein pådrivar for meir aktiv motstand var NKP, som engasjerte seg i djervt motstandsarbeid etter at Sovjetunionen kom med i krigen i 1941. Stort sett blei dei haldne utanfor dei illegale AFL-organa, men med kravet om aktiv motstand, sabotasje og geriljastyrkar vann dei aukande tilslutning og drog mange unge over frå Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) og venstrefløya i DNA. NKP kom til å spele ei viktig rolle for å drive den «offisielle» motstandsleiinga over i eit meir radikalt spor, med førebuing til væpna kamp og økonomisk og militær sabotasje.

Milorg – militær motstand

Å utvikle militær motstand mot okkupasjonsmakta var mykje vanskelegare enn å reise sivil motstand mot NS. Fienden hadde overlegen styrke både i fysiske maktmiddel, valdsideologi og røynsle. Tradisjonelt var det norske samfunnet lite valdeleg. Krig hadde det ikkje vore sidan 1814. Ein lang og kostbar læringsperiode måtte til for å meistre illegalitet og utvikle teknikkar og strategiar til å motstå fienden sitt effektive undertrykkings- og etterretningsapparat.

galleri

Dei første kimane til eit grovmaska motstandsnett, med distriktsinndeling, eit sentralt råd og kommunikasjonslinjer til utefronten, kan vi spore heilt tilbake til det første okkupasjonsåret. Men det tok tid å utvikle effektiv intern kommunikasjon under okkupasjonsvilkår, like eins å få til regulær kontakt med sivile leiargrupper og med Forsvarets overkommando i London. Taktikken var eit dilemma: Når og under kva vilkår skulle Milorg, den militære motstandsorganisasjonen, gå i gang med sabotasje og gerilja? Utsiktene til brutale tyske represaliar, med standrett, dødsdomar og gisseldrap, heldt dei lenge tilbake.

Leiinga i Milorg ville først ikkje ha våpen. Våpentrening og aksjonar fekk vente. Det britiske organet for operasjonar bak fiendelinjer (SOE – Special Operations Executive) var ikkje fornøgd. Der meinte dei at det var krig, og valde å byggje opp eigne agentnett og sabotasjegrupper i Noreg, uavhengig av og i tevling med Milorg. Etter kvart kom Milorg til at våpenforsyningar og øvingsvåpen kunne vere nyttige likevel, med tanke på ei reising i samband med ein eventuell invasjon.

Gradvis skjedde det ein radikaliseringsprosess både i motstandsleiinga og i opinionen når det galdt sabotasje og væpning. Okkupasjonen drog ut og skapte aukande frustrasjon. Dessutan blei han meir brutal. Og både NKP og utolmodige motstandskrinsar pressa på for meir radikale metodar. Frå våren 1944 opna Milorg for «kontrollert sabotasje» og meir systematisk militæropplæring.

Men redsla for represaliar mot sivile frå ein militært og taktisk overlegen fiende var langt frå ugrunna. Om lag 400 norske blei avretta i krigsåra, dei fleste på grunn av planar om militær motstand. Historia til Milorg er ei krønike om mot og offervilje, men vel så mykje om tragiske opprullingar, arrestasjonar og avrettingar, om tortur og terror, om sviktande profesjonalitet og brot på reglane for illegalitet, og om infiltrasjon, provokasjonar og tunge tilbakeslag.

Sjå video frå NRK Skole om Milorg:

Kampen mot arbeidsmobilisering

Med dei tyske militære tilbakeslaga på kontinentet i 1942–43 blei det påtrengjande å skaffe mannskap frå okkuperte land til innsats på tysk side i produksjonen og ved fronten.

I februar 1943 kom lova om nasjonal arbeidsinnsats, med vidare heimel til å registrere og kalle inn arbeidskraft. Framleis var det berre snakk om å «byggje landet» og sikre livsviktig arbeid. Men kva låg i korta? Krigsinnsats på tysk side? I mai 1944 blei tre årsklasser ungdom kalla inn. Då måtte det bli full konfrontasjon. Sabotasje blei sett inn mot rekrutteringskontora for å øydeleggje kartoteka. Det gjekk ut ein krystallklar parole over radio frå London og i hemmelege aviser: Ingen måtte møte fram. Dei som venta innkalling, måtte kome seg vekk. Ein god del av dei unge blei samla opp i særlege skogsforlegningar («Gutta på skauen»), for militær trening eller for å kome seg vidare til Sverige. Motstanden lykkast. Berre nokre hundre møtte til teneste. Truleg var dette den største enkeltsigeren til motstandsrørsla. Eit stort illegalt apparat hadde stått si prøve i ei krevjande oppgåve.

«Hjemmefrontens Ledelse»

Utviklinga fram mot ei samlande leiing for motstandsarbeidet var ein dryg prosess. Frå sommaren 1943 kan vi seie at det fanst ei felles leiing, frå våren 1944 blei det snakka om Hjemmefrontens Ledelse (HL) over London radio, og frå årsskiftet 1944–45 blei leiarskapen formalisert og sentralisert i ei avgrensa leiargruppe.

Den særmerkte situasjonen, og illegaliteten, gav prosessen karakter. Leiargrupper kunne ikkje veljast på offentlege generalforsamlingar. Dei var «sjølvutnemnde» og vann autoritet etter korleis dei løyste oppgåvene sine. Den sivile motstanden utvikla seg ikkje frå eit etablert sentrum, men kom frå mange hald, som svar på NS-framstøytar mot ulike yrkesgrupper og delar av samfunnslivet. Mange leiargrupper oppstod og blei forma av dei behova motstanden i kvart tilfelle skapte. Etter kvart dreiv felles interesser leiargruppene saman, og nokre få markerte seg som viktigare enn andre og etablerte eit hegemoni. Dei utvikla ei arbeidsdeling og ein fellesskap slik at dei til slutt kunne stå fram – anonymt – som «Hjemmefrontens Ledelse» og endeleg formalisere leiarskapen.

Av kampen om organisasjonane oppstod som nemnt Koordinasjonskomiteen (KK) alt vinteren 1941–42, med folk frå ulike yrkesgrupper, mest embets- og tenestemenn, med eit sekretariat og med «hovudkontaktar». Ei leiing for den militære motstanden voks fram frå våren 1941, og Milorgs råd blei godkjent av regjeringa frå november det året.

Kretsen, «ei gruppe framståande Oslo-folk» (Olav Riste) kring høgsterettsjustitiarius Paal Berg, tok mål av seg til å vere sambandsleddet mellom London-regjeringa og folket i Noreg. Alt i 1941 sende Kretsen ein representant til London som tok sete i regjeringa. Frå sommaren 1943 gjekk regjeringa med på å godta Kretsen som det representative organet heime.

Frå sommaren 1943 lykkast det å få til ei samordning mellom dei to sivile organa og den militære leiinga. Frå hausten 1943 kan vi såleis snakke om ein felles «Hjemmefrontens Ledelse», sjølv om omgrepet ikkje blei brukt enno og formaliseringa først kom seinare.

Det er verdt å merke seg at både KK, Kretsen og HL var tverrpolitiske. Sjølv om hovudtyngda av medlemene hadde borgarleg eller heilt upolitisk bakgrunn, var framståande folk frå arbeidarrørsla med heile tida. Den djupe politiske kløfta frå mellomkrigstida var ikkje til hinder for felles motstand.

Under andre verdskrig flytta NRK verksemda til London og radiosendingane derifrå vart kalla «stemma frå London». Sendingane inneheldt også koda meldingar, kalla særmeldingar, av typen «Kua går med raggsokker» og «Reven har fått nye briller» som var koda og krypterte beskjedar til Heimefronten. Lytt til sending i februar 1945 med programleiar Tollef Berg. Sendinga vert opna med det karakteristiske morseignalet for bokstaven V:

Utefronten og London-regjeringa

Utgangspunktet for eksilregjeringa i London var vanskeleg. Skulle ho tale på vegner av Noreg med såpass tyngd at det talde for dei allierte, måtte ho ha moralsk og legitim autoritet heime. Men ho rømde frå eit audmjukande militært nederlag og hadde truleg lite støtte heime den første tida.

Likevel greidde London-regjeringa over tid å byggje opp ein sterk posisjon som norsk regjering. Med aukande motstand heime voks interessa for London og regjeringa som sat der og førte Noregs krig vidare. Med betre alliert krigslykke og stigande tru på siger blei situasjonen lettare. Og regjeringa hadde ressursar som kom vel med: Kongen sjølv var det samlande nasjonale symbolet, og han stod last og brast med regjeringa og representerte den samanhengande konstitusjonelle legitimiteten. Dessutan kunne regjeringa vende seg til folket heime gjennom dei norske radiosendingane i BBC og gi sitt syn på krigen og framtida. Folk leit på BBC meir enn noka anna informasjonskjelde. Det beste provet på det var at okkupasjonsmakta beslagla radioapparata. Det talde òg mykje at regjeringa makta å utvikle ein politikk som vekte tillit både heime og hos krigførande allierte.

Overfor det britiske vertskapet hadde regjeringa dessutan ein materiell ressurs som hadde mykje å seie for krigføringa utover den moralske støtta: handelsflåten, nesten tusen skip med fire millionar tonn lastekapasitet og 25 000 sjøfolk. Transportkapasitet var avgjerande for ein allianse som trong tilførslar over Atlanterhavet og andre hav. Halvparten av oljen kom til Storbritannia på norsk kjøl. Dessutan gav fraktinntektene regjeringa eit solid økonomisk grunnlag. Ho var sjølvberga med pengar, til forskjell frå andre eksilflokkar. Men nokre betalte ein høg pris: Over 3600 norske sjøfolk i utanriks- og innanriksfart miste livet under krigen.

Regjeringa la vinn på å byggje opp stridande avdelingar som kunne syne det norske flagget i alliansen. I alt blei kring 28 000 mann sette opp i væpna styrkar i eksil: Hæren og kompani Linge i Skottland ca. 4500, Luftforsvaret om lag 2600, Sjøforsvaret ca. 7400 og om lag 13 000 som polititroppar i Sverige. Dessutan blei det fart i dei militære førebuingane for eit sluttoppgjer på norsk jord med våpentilførslar og opplæring av 40 000–50 000 Milorg-karar den siste krigsvinteren.

galleri

Å vinne tiltru i den britiske krigsleiinga var eit vilkår dersom regjeringa skulle hevde norske interesser blant dei allierte og innverke på avgjerder som galdt norsk område. Slik tillit føresette ein konsistent norsk krigspolitikk og effektiv disponering av dei ressursane regjeringa hadde til rådvelde.

Krigsdeltakinga førte til ei omlegging frå nøytralitet til alliansepolitikk, med konsekvensar inn i etterkrigsåra. Utanriksminister Halvdan Koht, som hadde namnet sitt sterkt knytt til den gamle nøytralitetspolitikken, gjekk av, og Trygve Lie tok plassen hans. Den nye utanriksministeren markerte snart at han såg alliansen med Storbritannia og USA som eit varig grunnlag for norsk utanrikspolitikk. Den interessefellesskapen krigen hadde skapt, burde stå ved lag og førast vidare etter krigen i eit handfast økonomisk og tryggingspolitisk samarbeid.

Kretsen, London-regjeringa og overgangsplanane

Tilhøvet mellom «heimefront» og «utefront» var ikkje enkelt. Det var spenningsfylt, skar lett inn i mistydingar og gjekk igjennom kriser. Særleg var det tautrekking om kva som skulle skje når krigen var slutt. Regjeringa la vekt på konstitusjonell kontinuitet, som innebar at regjeringa skulle spele ei viktig rolle når ho kom tilbake. Kretsen var oppteken av at etterkrigstida skulle bli eit oppbrot til eit nytt og betre Noreg, der nye menn skulle få armslag.

Alt i 1941 kravde Kretsen at regjeringa skulle forplikte seg til å tre tilbake straks krigen var slutt og gi plass for ei ny regjering av heimefrontfolk. Dei gav som grunn at regjeringa gjekk ut frå det stortinget som hadde «skandalisert» seg ved å be kongen tre tilbake. Om dette blei det heftig strid ei tid. Eit års tid etter blussa striden opp att. Det kom ein rapport til London seinhaustes 1942, visstnok frå Kretsen, som gjekk lenger: Straks krigen var slutt, skulle regjeringa – før ho kom heim – overlate makta til ein «fremskutt nordmann» som skulle peike ut eit overgangsstyre. Saman med Wehrmacht skulle dette styret syte for ro og orden til kongen skreiv ut nyval.

Regjeringa meinte at det måtte vere konstitusjonelt korrekt at ho sat til ei ny regjering kunne skipast med grunnlag i Stortinget. Etter ei lang brevveksling gjekk London-regjeringa inn for eit kompromiss: Når krigen var slutt, skulle regjeringa samlast i Oslo og søkje avskil. Deretter skulle det førast forhandlingar mellom kongen, Nygaardsvold-regjeringa og leiande personar heime om ei samlingsregjering med breitt grunnlag i folket. Ho skulle styre til det nye stortinget kunne kome saman. Dette synet la regjeringa fram i ei fråsegn som blei kringkasta i februar 1943.

Eit nytt utspel frå Kretsen kom i september 1943: Straks krigen var slutt, skulle det peikast ut eit «interimsstyre» med fullmakt «som kollektivt organ å utstede anordninger på Regjeringens vegne». Det skulle sitje til regjeringa kom heim og søkte avskil. Poenget var venteleg å skuve heimefrontfolka inn i ein nøkkelposisjon når den nye regjeringa skulle skipast.

Nygaardsvold-regjeringa hadde eit anna opplegg: Ein del av regjeringa skulle reise heim med regjeringsfullmakter, ein regjeringsdelegasjon med kronprinsen i spissen. Om dette blei det forhandla mellom HL og regjeringa, med det resultatet at HL skulle peike ut mellombels «rådmenn» i departementa, som etter ein tysk kapitulasjon skulle ta seg av den sivile administrasjonen saman med HL, fram til regjeringsdelegasjonen kom.

Striden om overgangsstyret førte til beiske debattar både i samtida og ettertida. Krinsar i HL blei jamvel skulda for kupplanar og tankar om ukonstitusjonelt styre. Slikt lèt seg til denne tid ikkje dokumentere, men mange krinsar tenkte seg nok eit «nytt» Noreg etter krigen med nye menn i leiinga og utan partistrid. Under krigen var det «bare ett parti – Hjemmefronten», blei det ofte sagt.

Den økonomiske politikken til okkupasjonsstyret

Okkupasjonsstyret hadde både langsiktige politiske mål og kortsiktige krigsøkonomiske interesser i Noreg. Det norske næringslivet skulle byggjast inn i ein ny europeisk orden, die Grossraumwirtschaft. Det liberale kaoset med kriser og konkurranse og «eigennytte» skulle avløysast av «fellesnytte», stabilitet, planlegging og arbeidsdeling. Noreg skulle bli meir sjølvforsynt med jordbruksvarer. Industrien skulle byggjast ut i samarbeid med tysk storindustri, med storprosjekt for produksjon av råvarer og halvfabrikata, kraftutbygging og kjemisk og metallurgisk industri. Særleg blei det lagt vekt på å gjere Noreg til storprodusent av aluminium, og ein tok til å byggje fleire nye anlegg og kraftverk. Fisket skulle få ei stor framtid som proteinleverandør til Sentral-Europa. Folket skulle vinnast for ideane ved større sosial rettferd. Særleg bøndene og fiskarane skulle få høgare levestandard.

Men Tyskland var i krig. Dei «kortsiktige» omsyna til krigsøkonomien kom snart til å overskugge dei politiske visjonane. I tillegg til å forsyne kring 400 000 tyske soldatar og ein del sivile med mat, klede og husrom (brakker) og halde ved like utstyr, skulle landet setjast i stand til å motstå ein alliert invasjon. Å byggje Festung Norwegen, sikre den lange kysten med festningar og sperringar mot landgang, var eit sisyfosverk. Og det trongst marinebasar og kommunikasjonar – jernbane og vegar – for å gi stridskreftene operasjonsrom.

Tyske ekspertar meinte frå først av at det var forsvarleg å la norsk økonomi bere okkupasjonsutgifter for 200 millionar kroner årleg. Men etter vel eit år hadde okkupasjonsmakta trekt 1790 millionar kroner. Jamt over gjekk det 128 millionar kroner per månad. I alt er det rekna ut at tyskarane brukte 7,8 milliardar norske 1939-kroner. Slike summar kunne ikkje skaffast berre ved skattar og avgifter. Setelpressa måtte gå for å finansiere det Wehrmacht rekna som nødvendig. Over ein hemmeleg konto i Noregs Bank, som i namnet var ein gjeldspost på Tyskland, blei det i alt utbetalt 11 293 millionar kroner. Setelmengda i omløp auka frå kring 900 millionar kroner til 5300, bankinnskota frå 2,7 til 4,2 milliardar.

Pengeflaum og priskontroll

Paradoksalt nok var tida no komen for ein ekspansiv politikk som overgjekk alt det Arbeidarpartiet hadde våga tidleg på trettitalet. No pøste styresmaktene lånte midlar ut i samfunnet og dreiv hemningslaust med underskot. Keynes’ namn var det knapt lov å nemne, men verknaden var overveldande: Arbeidsløysa og det som var att av gjeldskrisa, var blåsne bort på kort tid.

At det ikkje blei ein forrykande inflasjon, er nesten utruleg. Lønene var for det meste strengt regulerte, men setlane fossa ut i samfunnet frå dei tyske anlegga, der skyhøge løner måtte til for å skaffe arbeidskraft. Og det var lite varer å bruke pengane på. Inflasjonspresset var der, men med ein hardhendt reguleringspolitikk lykkast det å hindre eit samanbrot.

Trustkontrollen blei bygd ut til eit omfattande priskontrollapparat, med prisnemnd i kvar kommune, med maksimalprisar, prispoliti og jamlege kontrollar: husinspeksjon, vegsperringar med kontroll av vesker, syklar, bilar, inspeksjon av bussar og gjennomsøking av rutefartøy etter ulovlege varer. Marknadskreftene var sette ut av spel i den «offisielle» økonomien. Men med pengeflaum og varemangel måtte den svarte økonomien bli eit stort problem. Subsidiar blei sette inn for ein del vitale matvarer, og det lykkast å halde nokså stabile prisar på visse basisvarer (smør, brød, mjølk). Forsyningsnemndene skreiv ut rasjoneringskort som regulerte forbruket av alle vanlege forbruksvarer.

Samarbeidet med krigsmakta og det tyske næringslivet

Norsk næringsliv innretta seg etter okkupasjonsvilkåra og produserte på dei premissane okkupantane sette. Industrien gjekk lenge for full maskin, særleg bransjar som leverte krigsviktige varer til tysk industri for produksjon av krigsmateriell, til dømes aluminium, kopar, svovel, molybden, titanmalm osv. Fiskeeksporten var viktig for å dekkje feitt- og proteinmangelen i Tyskland. Jordbruket produserte det som var mogleg med knappe innsatsmiddel, og mykje matvarer gjekk til okkupasjonshæren. Tyske festningsanlegg, vegprosjekt og brakkeleirar drog til seg over hundre tusen norske arbeidarar og skapte intenst liv i norske skogar og sagbruk.

Hausten 1940 kom Deutsche Handelskammer in Norwegen i stand, for å fremje samarbeidet mellom tysk og norsk næringsliv. Toppfolk i Industriforbundet leidde arbeidet, saman med tyske representantar. Om lag 1300 norske bedrifter og næringslivsfolk teikna seg som medlemer, blant dei Norges Kooperative Landsforening. Målet var tilpassing av næringslivet til «det nye Europa».

For okkupasjonsmakta var ro og produksjon i norsk næringsliv essensielt. Produksjonssvikt kunne føre til sosial uro og tvinge Tyskland til større leveransar. Nasjonal Samling blei halde i stramme taumar for at partiet ikkje skulle gå for langt og provosere til aktiv motstand og sabotasje, som kunne skade næringslivet. Norsk motstand var annleis enn i ein del andre land, der sabotasje og partisankrig var det vanlege. Men også tysk okkupasjon var annleis i Noreg enn i andre land. Visst var okkupasjonsstyret eit terrorstyre, men omfanget av terror var lite, jamført med det til dømes polakkar og serbarar blei utsette for. Nordmenn var «germanarar», og jødane var få.

Med den varsame HL-linja kom det sjeldan eller aldri til massedrap på sivile. Meir væpna motstand ville nok ha tvinga fram mykje hardare mottiltak, med gisseldrap og herjingar. Britiske SOE-raid mot norskekysten (Måløy, Svolvær og fleire) fekk slike følgjer.

galleri

Kva skjedde med samfunnet?

Krigen var ikkje den same for alle. Somme fekk krigshandlingane heilt inn på livet og miste hus og heim. Somme miste livet eller blei invalidiserte på kropp og sjel i «Nacht und Nebel»-leirar. Andre «såg aldri ein tyskar». For mange innebar krigen arbeid og inntekt, medan somme fekk det økonomiske eksistensgrunnlaget sitt øydelagt. Kring 40 000 menneske blei arresterte for kortare eller lengre tid, 70 000–80 000 var i utlandet i 1945 som polititroppar i Sverige, som flyktningar, i norske styrkar, på norske skip, i tysk konsentrasjonsleir eller i krigførande avdelingar på tysk side. Mange sjøfolk blei krigsdeltakarar alt i dei første krigsvekene, då norske skip fekk ordre om å gå til alliert hamn og alliert teneste. For mange var krigen tapte ungdomsår, for andre ein uventa sjanse til karriere. Økonomisk oppsving kom for somme, sakn for andre, eit mangelsamfunn for dei fleste, nesten ufatteleg liding for nokre. Nærmare eit halvt hundre tusen valde altså medlemskap i NS, i aukande isolasjon frå fleirtalet. Ni tusen born blei fødde av tysk far og norsk mor og fekk lide som «tyskarborn» etter krigen.

For folk flest var truleg den største forandringa at samfunnet blei ganske annleis gjennomregulert og kontrollert. Dei daglege innkjøpa blei rasjonerte gjennom kort og handlebøker. Lengre reiser innanlands og i grensesona kravde løyve frå politiet. Alle måtte bere pass og vere budde på kontroll både av identiteten og det ein måtte ha med seg. Produsentar var underlagde tvangslevering og produksjonspålegg. Arbeidsmarknaden var ikkje lenger fri. Ein kunne bli utskriven til «tyskararbeid». Livet blei meir avhengig av papir: rasjoneringskort, mjølkebok, pass, lisensar. Offentlege etatar blei viktigare i dagleglivet: forsyningsnemnd, prisnemnd, politi osv.

For folk i byane var det nytt at det blei både vanskeleg og tidkrevjande å skaffe nok mat. Fattigdom og arbeidsløyse hadde gjort menyen temmeleg knapp i mange heimar før, men det var nytt at mat ikkje alltid låg framme til sals i butikkane. Sukker, kaffi og matmjøl var blant dei rasjonerte varene alt før 9. april. Etter kvart blei om lag alle matvarer rasjonerte, poteter og grønsaker frå 1942. Det daglege materielle blei vanskelegare å greie – og dermed viktigare: skaffe mat nok, halde kleda i orden, sikre nok brensel så ein ikkje fraus. Svartebørshandel blei utvegen for dei som hadde råd til å betale femten kroner for eit brød eller fleire hundre kroner for eit kilo kaffi.

galleri

Dei som åtte jord, sat med ein verdfull skatt. Utanom tvangsleveransane og eige forbruk hadde dei gjerne noko å selje til vener og slekt i byen og til farande folk, til sal eller byte. Bønder og småbrukarar fekk auka både levestandarden og statusen jamført med lønstakarane. Svært mange gjorde seg gjeldfrie. Såleis verka krigen økonomisk utjamnande, og by og land kom nærmare kvarandre. Men det skapte òg gnissingar. Mistanken om at «bønder skodde seg på krigen og andre si nød», var nok meir utbreidd enn misbruken.

Sterkare fellesskap

Med ein felles fiende blei kjensla av nasjonal fellesskap sterkare – særleg etter kvart som livet blei vanskelegare og krigslykka ute vende. Til ein viss grad kom «alle i same båt», med dei same rasjoneringskorta, dei same plageåndene, dei same fiendane. Kanskje kom folk nærmare kvarandre i familie, venelag og grannelag i opplevinga av felles lagnad og felles trugsmål.

Nasjonale fellesverdiar blei sette på prøve, og felles symbol blei viktige: flagget, kongen, 17. mai, Grunnlova. Solidaritet og samhald blei moralske utfordringar i kvardagen på tvers av gamle klasse- og gruppeinteresser. Felles idé- og verdiberande institusjonar blei viktigare: skulen, kyrkja, konstitusjonen.

Barnefødslane blei fleire i krigsåra. Ein grunn kan ha vore at arbeid og inntekt gav mot til å utvide familien. Den nære tryggleiken kunne vege tyngre enn den «fjerne» otten for krigen der ute. Sjølv om kvardagen var blitt vanskelegare, var krigshandlingane fjerne for dei fleste det meste av tida. Få byar og bygder var utsette for bombing eller kampar, om vi ser bort frå tida før 7. juni 1940 og vinteren 1944–45 i Nord-Troms og Finnmark. Mange blei arresterte for illegalt arbeid, men det var likevel «ei frivillig sak». Dei fleste kunne velje å leve eit nokolunde vanleg kvardagsliv, utan krigsdramatikk. Nokre få blei vilkårleg tekne som gislar, men ikkje mange. Somme grupper var meir utsette enn andre. Unge kunne bli kalla til arbeidsteneste, og visse grupper stod under særleg hardt press (politi, lærarar, prestar).

Dei største offera

Eit mindretal stod i ei særstilling. Før krigen budde det om lag 2100 jødar i Noreg. Dei største jødiske samfunna var i Oslo og Trondheim. Snautt halvparten av jødane hadde kome seg ut av landet då forfølginga sette i gang for alvor. I januar 1942 måtte alle jødar ha ein raud «J» i passet, og om hausten kom arrestasjonane. Der tok også det ordinære norske politiet del, saman med det nazistiske statspolitiet og Germanske SS. 772 norske jødar blei sende til utryddingsleirane, og berre 34 overlevde. Få forstod tidsnok kva lagnad jødane hadde i vente, men spørsmålet om det kunne ha vore gjort meir for å berge dei norske jødane, har vore eit vondt og omstridd tema fram til denne dag.

26. november 1942 la skipet "Donau" ut frå Oslo. 532 norske jødar var ombord, utan at dei visste at dei skulle til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Berre nokre få overlevde. I videoen under frå NRK Skole fortel to av dei overlevande, Samuel Steinmann og Kai Feinberg, om deportasjonen av dei norske jødane:



Også romfolk blei mål for det nazistiske folkemordet på det dei kalla «undermenneske». Minst 62 romfolk frå Noreg blei drepne.

Under krigen var det om lag 140 000 krigsfangar i Noreg. Dei fleste var frå Sovjetunionen (100 000), Jugoslavia (4200) og Polen (1600). Fangane blei brukte som slavearbeidarar av den tyske krigsmakta på festningsanlegg, vegar, jernbaner og flyplassar, men også ei norsk statsbedrift som NSB nytta krigsfangar i arbeidet med Nordlandsbanen. Fangane arbeidde ofte under umenneskelege tilhøve, ikkje minst på anlegget som fekk namnet «Blodvegen» i Nordland. 13 700 sovjetiske fangar og 2800 jugoslaviske miste livet der. Mange sivile nordmenn gjorde ein stor innsats for å hjelpe fangane med mat og av og til med flukt, men det fanst òg norske vakter som på ingen måte stod tilbake for tyskarane i brutalitet.

Andre fekk det verre

Leid folk nød? Siste krigsvinteren var prega av sviktande tilførslar utanfrå og fallande produksjon av livsnødvendige varer. Det var teikn til mangelsjukdomar og underernæring. Men med matauk, grannehjelp og dryging av det folk hadde, greidde dei fleste seg så nokolunde. Okkupasjonshæren tappa landet for ressursar, men det meste gjekk likevel til livberging for folket.

Jamført med andre krigførande og okkuperte land slapp Noreg rimeleg frå det. Polen miste 17 % av folket (om lag seks millionar av 35 millionar), Jugoslavia 10 %, Sovjetunionen 12–14 % – og Noreg tre promille. Sjølv om vi reknar med øydeleggingane nordpå i 1944–45, var heller ikkje dei materielle skadane av dei hardaste i Europa.

På fleire måtar dreiv krigen moderniseringa av samfunnet vidare fram. Mangel på kol og olje tvinga fram omlegging til elektrisitet. Tjue nye kraftstasjonar kom i drift, fleire svære kraftanlegg stod nesten ferdige eller halvferdige våren 1945. Talet på elektromotorar auka nesten like fort som sist på trettitalet. Tyske anlegg la grunnlaget for storsatsing på aluminium og annan kraftkrevjande industri. Jernbanenettet blei utvida, og det kom ein stamveg heilt i nord. Talet på telefonar auka med 50 %, mest til okkupantbruk. Bønder og fiskarar kunne starte att utan gjeld etter krigen, då vanlege innsatsmidlar blei tilgjengelege.

Frå hausten 1942 rekna dei fleste med at dei allierte kom til å vinne, og mange bedrifter tok til å bu seg på situasjonen etter krigen, med forsking og produktutvikling. Det kan forklare noko av den overlag raske opphentinga og voksteren etter krigen.

galleri

Sjølv om krigshandlingane ikkje råka så mange, og sjølv om frontane var langt borte, fekk alle kjenne verknader av krig og okkupasjon i det daglege. Uvissa for framtida, otten for katastrofen var der heile tida, meir eller mindre sterk. Sjølv om krigshandlingar ikkje var ein del av kvardagen, var verdskrigen ein overveldande realitet. Krigsoppslaga i pressa og europakartet på veggen med frontane innteikna, farga humøret og forventningane. Krigen verka òg til å utvide det politiske medvitsrommet. Vel blei kjenslene for nasjonen og Grunnlova meir levande, men også det som skjedde i andre land, kom nærmare og blei viktig. Slaget om Noreg si framtid stod på slettene ved Stalingrad. Nytt frå London i løynde radioapparat og hemmelege aviser gav bod om korleis morgondagen kunne bli. Det sterke inntrykket av kor avhengig Noreg var av å ha allierte, kom til å bli ein vesentleg faktor i etterkrigspolitikken.


Kronprins Olav var den første i kongefamilien som vende heim etter fem år i eksil, 13.05.1945. Han kom i kryssaren "Apollo" og vart møtt av fleire hundre tusen menneske, då han gjekk i land i Oslo på Honnørbrygga. Legg merke til at det er motstandsmannen i Kompani Linge, Max Manus, som sit framom kronprinsen i bilen då Olav vart køyrd i open bil opp Karl Johans gate. Sjå video frå NRK Skole:


Kjelder

Litteraturliste til Berge Furre: Norsk historie 1914–2000


Utdrag frå Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Det Norske Samlaget 2000
Redigert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Det Norske Samlaget 2016. Bilet- og videoredaktør for artikkelen Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Først publisert: 07.06.2016
Sist oppdatert: 10.06.2018