Hopp til innhold
X
Innhald

Stapo

​Stapo (forkorting for Statspolitiet), norsk nazistisk politistyrke som vart oppretta i 1941.

Stapo (forkorting for Statspolitiet), norsk nazistisk politistyrke som vart oppretta i 1941. Styrken dreiv politisk politiverksemd i samarbeid med det tyske tryggingspolitiet, Gestapo.

Dei som arbeidde i Stapo var nordmenn. Dei dreiv etterforsking mot hemmelege aviser og radioapparat, og etterforska generelt sivil motstand under krigen. Stapo overleverte fangar til tyskerane og stod bak ei rekkje overgrep og drap mot landsmenn.

Sju personar vart avretta i krigsoppgjeret, på grunn av arbeidet i Stapo.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016