Hopp til innhold

Statsrådsaka

Statsrådsaka, spørsmålet om statsrådane skulle ha tilgang til Stortinget. I 1872 vart forslaget vedteke første gongen. Dei konservative leiarane sette seg imot det, og kongen nekta å sanksjonere vedtaket. Det same skjedde i 1874, 1876 og 1880.
 
9. juni 1880 bad Stortinget regjeringa om å kunngjere vedtaket som gjeldande grunnlov. Regjeringa Selmer avslo og vart i 1884 dømd ved riksretten. 1. juli 1884 sanksjonerte kongen vedtaket. Dermed var grunnlaget lagt for det parlamentariske systemet i Noreg.
 
 
Christian August Selmer. Foto: Statsministerens kontor. Med løyve for Allkunne.
Christian August Selmer. Foto: Statsministerens kontor. Med løyve for Allkunne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2015
Sist oppdatert: 02.02.2015