Hopp til innhold
X
Innhald

Statthaldarstriden

Statthaldarstriden, nemning på striden frå ca. 1850 til 1873 mellom Stortinget og den svenske kongen om han skulle ha rett til å ha ein statthaldar (stadfortredar) i Noreg. Embetet vart oppheva av Stortinget i 1854, men dette vart nekta sanksjon av Oscar I. Etter nytt stortingsvedtak 1859 lova Karl IV å sanksjonere vedtaket, men gav etter for sterkt svensk press og nekta likevel.

I striden som følgde, påstod den svenske regjeringa at embetet var ei fellesordning som ikkje kunne opphevast utan svensk samtykkje, medan Stortinget hevda at begge rika var likestilte. Eit tredje stortingsvedtak i 1873 vart sanksjonert av Oscar II.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016