Hopp til innhold
X
Innhald

Storlockouten i 1931

Storlockouten i 1931 hadde bakgrunn i at det i mars 1931 vart sendt lockoutvarsel til 15 LO-forbund med til saman 81 000 fagorganiserte. LO svara med sympatistreik (ca. 100 000). Bakgrunnen var krav om lønnsreduksjonar på 15 % av minstelønn. Eit forslag som gav om lag 6 % lønnsreduksjon vart vedteke, og arbeidet kom i gang igjen i september 1931.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016