Hopp til innhold
X
Innhald

U2-affæren

U2-affæren, hendinga då eit amerikansk rekognoseringsfly av typen U2 i 1960 vart skote ned over Sovjet på veg frå ein NATO-base i Pakistan til Bodø. Flygaren Francis Powers vart teken til fange og dømd til 10 års fengsel for spionasje. U2-affæren førte direkte til at Khrusjtsjov avlyste eit toppmøte i Paris. Noreg protesterte overfor USA mot at flyet skulle ha landa i Bodø.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016