Hopp til innhold
X
Innhald

Visekonge

Visekonge, ordning etter den reviderte grunnlova av november 1814. Etter denne kunne Kongen peike ut ein visekonge eller statthaldar til å styre Noreg når han sjølv var i Sverige. Statthaldarembetet vart lagt ned i 1873, og ordninga med visekonge vart oppheva i 1891. I kolonitida vart også den fremste representanten for den britiske krona i India kalla visekonge, viceroy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2016
Sist oppdatert: 13.04.2016