Hopp til innhold
X
Innhald

Absalon Pedersson Beyer

Absalon Pedersson Beyer var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. I si tid var han ein av dei sentrale humanistane i Bergen. 

Absalon Pedersson Beyer var fødd i 1528 på garden Skirdal ved Aurlandsfjorden, Sogn, og døydde i Bergen 9. april 1575. Beyer var lektor i teologi ved katedralskulen i Bergen, medlem av domkapittelet i byen og frå 1566 slottsprest på Bergenshus. Beyer var gift med Anne Pedersdotter, som vart brend på bålet i ei av dei tidlegaste og mest omfattande trolldomssakene i Noreg.

Beyer mista foreldra som ung. Bror til faren sende han då til katedralskulen i Bergen. Her vart han kjend med biskopen, Gjeble Pedersson, som tok Absalon til seg som fosterson. Ulikt andre omvende tidlegare katolske biskopar tok ikkje biskopen seg kone og familie etter reformasjonen, men kosta heller utdanning på fleire foreldrelause gutar.

Absalon vart send til København i 1544 og så til Wittenberg, opphavsstaden for reformasjonen, i 1549. Gjeble Pedersson følgde renessansehumanisten Erasmus før reformasjonen og humanisten Melanchthon etter. Slik fekk Beyer med seg mykje av denne intellektuelle bagasjen på den teologiske ferda. Seinare skreiv han Oration om mester Geble for å hylle oppveksten sin hos bergensbiskopen.

I København fekk Gjeble Pedersson innlosjert Absalon hos sjællandsbiskop Peder Palladius. Han hadde mykje omsut for norske studentar og hjelpte Absalon med underhald i tronge tider. Samtidig var Palladius ein strengare og meir overtydd lutheranar enn Gjeble Pedersson. Som biskop i Sjælland var han i røynda den teologiske leiaren i Danmark-Noreg og gjennomførte reformasjonen med jernhand. Universitetet vart først stengt, så omforma etter lutherske prinsipp. Som student møtte Beyer samtidig fleire teologar med eit syn som låg nær Melanchthons, mellom dei Niels Hemmingsen, den største danske teologen i si tid. Heime hos Palladius trefte Absalon truleg Anne Pedersdotter. Dei gifta seg i 1552.

Reformasjonen tok tid, særleg i Noreg, der lutherdomen hadde hatt dårleg grobotn. Dei gamle, katolsk skolerte prestane fekk halde fram, og Beyer var av det første leddet som hadde luthersk utdanning. Frå 1560 var han kannik og notarius ved domkapittelet i Bergen, i 1566 vart han slottsprest. Som kannik kom han i tvist med lokale embetsmenn, særleg slottsskrivaren Lauritz Hanssønn, som vart tildelt eit prebende, inntekter som eigentleg skulle gå til domkapittelet.

Beyer var prega av Melanchthons førelesingar, som gav innsyn både i klassisk filologi og naturfag, men òg streng kyrkjetukt og dommedagsspådomar. Frå preikestolen tora Beyer mot kyrkjelyden om at fjella ville dette i hovudet på dei og den endelege dagen kome.

Lite var òg gjort med opplæringa i den tida Beyer gjekk på skule. På katedralskulen i Bergen var det dermed han sjølv som måtte stå for omlegginga, då han i 1553 vart lektor og seinare rektor i tre omgangar. I Wittenberg lærte han å nytte skodespel i undervisinga, for å gjere både religion og latin meir levande. Han sette så opp stykke på dansk for vanlege bergensarar og er difor rekna som den første teaterregissøren i Noreg. Det første stykket, ei omsetjing av dei populære adamsspela, vart sett opp i 1562. Seinare kom framsyningar som var skrivne i Bergen. Fleire hadde religiøse tema, men i stykka var det òg daglegdagse emne.

Gjennom det kunstnariske og litterære virket sitt førte Beyer an i eit blomstrande miljø av lærde skribentar i det samtidige Bergen, seinare kalla bergenhumanistane. Frå 1552 til 1572 skreiv han dagbok, kalla Bergens kapitelsbok. Her skreiv Beyer om eigne opplevingar, som at dottera raskt lærte å lese av ein kvinneleg lærar, men òg om allmenne hendingar, om vêret, kyrkjetenester og folkeliv. Sjølv om fleire innføringar manglar, er boka ei uvurderleg kjelde til det samtidige kultur- og dagleglivet i Bergen og Noreg. I dagboka dømmer han bergensarane sin livsførsel strengt, med åtvaringar om ulukke og undergang. Større delar av boka er ført på dansk-norsk.

Absalons meisterstykke var noregshistoria Om Norgis Rige frå 1567. I verket, som var skrive på oppdrag frå lensherre Erik Rosenkrantz, rosa han lensherren for innsatsen mot hanseatane. Den førande forteljinga var livsskildringa til det norske riket: romansen i stordomstida, tragedien i forfallet etter underlegginga under Danmark i 1536. Noreg var no «ein feit ladegard» under Danmark. Undergang prega narrativet også her, men Absalon meinte det norske folket kunne vakne igjen. Redninga var om nordmenn fekk ei sterkare røyst hos danskekongen. I det heile hang ikkje manuskriptet heilt saman, men tok ei vending til det kritiske undervegs. Verket vart først trykt i 1781, men fleire avskrifter fanst før det.

For ein mann som var oppteken av fortidig stordom, var det samtidige Bergen eit sørgjeleg syn. Av 27 kyrkjer frå mellomalderen vart 15 lagde i ruinar på 1500-talet, mellom dei domkyrkja frå 1000-talet. Rivinga skulle gi plass til kanonane på danskekongen si borg Bergenhus og hadde ikkje noko med reformasjonen å gjere. Tårnet ved Håkonshall vart òg rive, og kongegravene til Magnus Erlingsson og Håkon Håkonsson lagde i grus. Både Beyer og kona Anne hadde røter i gamal norsk adel og må ha teke det personleg. Truleg vart han bitter overfor danskestyret, noko historiemanuset viser.

Mellom dei nye lutherske prestane og borgarskapet i Bergen kom det òg etter kvart til sterk splid. Ein av kampane handla om gamle helgenbilete i domkyrkja, som fleire byborgarar tilbad. Biskop Jens Schjelderup fekk i oppdrag å fjerne bileta, men møtte sterk motstand i byrådet. Seinare skreiv Schjelderup eit forsvarsskrift, Noregs fremste bidrag til reformatorisk litteratur. Beyer sette samtidig opp eit stykke som truleg hengde ut byrådet. Det skaffa han mektige fiendar. Då Schjelderup døydde, drog lensherren den nye biskopen og kona hans for retten for trolldom, og så påtala han Beyers kone for det same.

Anne Pedersdotter slapp først unna skuldsmålet. Absalon stod høgt i kurs hos kongen og fekk hos han fribrev for kona i 1575. Same år døydde han, og sjølv om Anne no hadde gode papir, levde mistanken hos folk vidare. 15 år seinare vart ho på ny skulda for å vere trollkvinne og brend på bålet etter ei skinrettssak, trass i sterke innvendingar frå presteskapet i Bergen. Saka var opplagt hemn, og mellom dommarane var no borgarmeistar Lauritz Hansson.

Absalon Beyer var eit av bruhovuda i den norske reformasjonen. Dermed støytte han saman med lokalt borgarskap, som mangla iveren for den nye trua, men utnytta den verdslege makta reformasjonen gav. Likevel er det som forfattar Beyer har sett størst spor etter seg, med uvurderlege skrifter om norsk historie og samfunn på 1500-talet.

Kjelder

Absalon Pederssøn Beyer: Dagbok og Oration om Mester Geble. Oslo 1963.

«Absalon Pederssøn Beyer (1528‒1575)», Dokumentasjonsprosjektet, https://www.dokpro.uio.no/litt... [lesedato 6. mai 2019]

Nils Gilje: Heksen og humanisten: Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer, en historie om magi og trolldom i Bergen på 1500-tallet. Bergen 2010 Øystein Rian. For Norge, kjempers fødeland: 12 portrett frå dansketida. Oslo 2007.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019