Hopp til innhold
X
Innhald

Alltinget

Alltinget var Islands lagting for heile øya. Det vart oppretta i 930 og er den eldste rikssamlinga i verda.

Alltinget vart truleg oppretta i år 930 på Tingvollen (islandsk Þingvellir), 40 kilometer nordaust for Reykjavik. Tinget er difor kalla den eldste rikssamlinga i verda. Tingsamlingane vart haldne to veker om gongen, kvar sommar. Alltinget var frå byrjinga øvste mynde i riksstyret. Her kom dei tolv islandske tingkrinsane saman, ved godane, høvdingane for dei tre godedøma i kvar tingkrins, og to meddommarar utnemnde av desse. Tinget utgjorde den gongen 108 utsendingar, men vart seinare utvida til 144, då talet på godar auka. 

Lovseiemannen leidde samlinga på Alltinget, og godane oppnemnde 36 tingmenn til ein regulær domstol. I tillegg avgjorde ein eigen lagrett lovforhold. Alltinget dømde etter dei såkalla «ulvljotslovene», oppkalla etter den første lovseiemannen, som skal ha vorte send frå Noreg for å utforme eit samla lovverk. Ein uavhengig høgsterett vart oppretta kring år 1004. 

Etter ei tid med innbyrdes strid lova dei islandske høvdingane i 1262‒64 truskap til den norske kongen og la landet statsrettsleg under norsk lov. Den lovgivande autoriteten vart då langt på veg flytta over til den norske krona. Ei ny lovbok som bygde på Frostatingslova og Gulatingslova, Járnsíða, vart dermed lagd fram for Alltinget av Magnus Lagabøte og godkjend der i 1271‒73. Berre ti år seinare vart denne lovboka, etter hard motstand, erstatta av Jónsbók, ei meir samlande lovbok som braut med den eldre islandske lovtradisjonen som var skriven ned i Grágás. Jónsbók vart omarbeidd i 1662. Denne forma vart grunnlaget for den islandske rettsordninga fram til nyare tid og er framleis delvis i bruk. 

Maktbalansen mellom godane vart skipla på 1200-talet, då ein gode fekk hand om fleire godedøme. Under Magnus Lagabøte vart det difor gjort endringar i samansetninga, med 140 nemndemenn, som ikkje var knytte til godane, men oppnemnde av kongen. Lovseiemannen vart skifta ut med to lagmenn. Samtidig vart Alltinget gjort til islandsk høgsterett, og slik heldt det fram som domstol under norsk overstyre. Domsmakta vart lagd til ein lagrett av 36 tingmenn, utnemnde av sysselmannen. 

Etter reformasjonen låg Island formelt under Danmark, og sentralstyret vart gradvis sterkare. Myndet til lagmennene vart svekt då ein ny overrett vart oppretta i 1593, og Alltinget si rolle vart ytterlegare utfordra med innføringa av eineveldet i 1662. I år 1800 vart Alltinget til slutt avskaffa og bytt ut med ein ny landsoverrett i Reykjavik. 

I 1814 var Island formelt overført til Danmark, men i dei komande tiåra vaks den islandske sjølvstyrerørsla. Ein eigen ombodsråd vart oppretta for Reykjavik i 1838, og i 1843 vart Alltinget gjeninnført, no som ei politisk rådgivande forsamling, med sete i Reykjavik. Tinget kom saman nokre veker annakvart år. 

Ei eiga islandsk statsforfatning vart så godkjend av det danske folketinget i 1874. Vedtaket gav Alltinget ei viss lovgivande makt og rett til å forvalte eit nasjonalt budsjett. Island vart framleis styrt av den danske justisministeren, men frå 1904 fekk landet ei ordning med heimestyre, leidd av ein islandsk minister. Frå 1918 var Island formelt ein sjølvstendig stat, i personalunion med Danmark, og i 1944 heldt landet ei folkeavstemming som hevda fullt sjølvstende og utropte landet til republikk.

Alltinget vart lovgivande forsamling for det sjølvstendige Island og deler den lovgivande makta med presidenten. Frå 1991 har tinget eitt kammer. 63 utsendingar, valde frå seks valkrinsar for fire år, utgjer forsamlinga. Sperregrensa er på fem prosent. Statsministeren leier regjeringa og er utpeika av presidenten for fire år, på vegner av eit fleirtal av Alltinget. Tingarbeidet blir leidd av ein formann. Alltingbygget er teikna av Ferdinand Meldahl, bygd i basalt og oppført i 1880‒1881.

Kjelder

Jón Viðar Sigurðsson: Det norrøne samfunnet: vikingen, kongen, erkebiskopen og bonden. Oslo 2008

Jón Viðar Sigurðsson: «Kongemakt og lokalsamfunn på Island ca. 1260–1450», Heimen nr. 1/2015

Auður Birna Stefánsdóttir, Baldur Thorhallsson, og Pia Hansson: «Island: en småstat på leting etter sin nisje», Internasjonal Politikk nr. 4/2018 Knut Ødegård: Island: fra saga til samtid. Oslo 1998

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019