Hopp til innhold
X
Innhald

Alv Knutsson

Alv Knutsson, ca. 1420–96, var riddar, riksråd og høvedsmann på Bergenhus.

Alv Knutsson var av slekta Tre Rosor og var son av den svenske riksråden Knut Jonsson og den norske adelsdama Agnes Alvsdotter. På morssida var han i slekt med Sudrheim- og Bjarkøy-Giske-ættene og arva mange store gods i Noreg. Han gifta seg med Magnhild Oddsdotter, som rådde over store godseigedomar, og styrte saman med henne det største verdslege godset i Noreg på 1400-talet. Saman med husfrue Magnhild fekk han sonen Knut Alvsson, som leidde eit større opprør mot danskestyret i 1501‒02.

Alv Knutsson støtta opphavleg den svenske kongen Karl Knutsson Bonde sitt krav på den norske krona i 1448. Etter at Karl måtte gå av som norsk konge, kom Alv likevel til semje med den nye danskekongen Kristian I. Alv vart i 1450-åra utnemnd til riddar og var del av det norske riksrådet. Han var ei stund høvedsmann på Bergenhus.

Alv rauk tidleg uklar med ein annan riksråd, Hartvig Krummedike, noko som mellom anna førte med seg politiske drap. Uvenskapen varte i fleire tiår, og Kristian I sitt forsøk på mekling førte ikkje fram, før dei vart tvinga av riksrådet til å slutte fred «til evig tid». Dette varte likevel ikkje ved, for etter at dei to var døde, arva sønene fiendskapen. Det var eit avgjerande bakteppe for at Knut Alvsson vart drepen i bakhald av Hartvigs son, Henrik.

Kjelder

Øystein Hellesøe Brekke: Knut Alvssons krig: ridderen som ville erobre Norge. Bergen 2016 Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bd. 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019