Hopp til innhold
X
Innhald

Amund Sigurdsson

Amund Sigurdsson (Bolt), fødd ca. 1400, død før 1463, var ein norsk riddar og sysselmann som leidde eit opprør mot danskekongen.

Amund Sigurdsson (Bolt) var son av riddar Sigurd Berdorsson og nevø av riksråd og høvedsmann på Akershus, Agmund Berdorsson. Såleis var han del av adelsslekta Bolt frå Borgarsyssel i Østfold. Han var gift med Eline Eriksdotter.

Amund var sysselmann for Borgarsyssel, og herifrå leidde han eit austnorsk opprør mot Erik av Pommern i 1436–37. I åra før hadde det vore opprør både i Sverige og Noreg, og det norske mishaget hadde vore løyst med ein avtale der riksrådet skulle handsame klagane. Det vart ny oppreist då dette møtet ikkje vart noko av. Som sysselmann hadde Amund Sigurdsson gode samordnande evner, og han skal ha oppglødd mange til motstand. Under hans leiing tok opprørarane seg inn i bispeborga i Oslo og heldt borga i nokre månader.

Eit nytt forliksmøte kom i stand i februar 1437. Ein del av avtalen var at Amund Sigurdsson skulle gå fri. Likevel gjorde bøndene i Telemark opprør på ny allereie året etter. Fleire av deltakarane her hadde òg delteke i opprøret som Bolt leidde året før, mellom andre leiaren Hallvard Gråtopp, og dei vart straffa særleg hardt for det.

Bak opprøra låg det ei sterk misnøye hos bøndene mot skattar, som vart drivne inn med hard hand av utanlandske futar. Det vart hevda at dei braut med ei samfunnsordning som gjekk tilbake til Olav den heilage, og ei rekkje storbønder stilte seg bak oppreisten.

Høgare adel, som Amund Sigurdsson, støtta samtidig kraftig opp om opprøret. Desse adelsmennene var særleg misnøgde med at stadig fleire len og embetsstillingar vart gitt til tyskarar og danskar. Norske medlemmer av riksrådet var òg velvillige til fleire av krava, som styrkte deira stillingar. Krav om at len og leiande statsstillingar skulle bli gitt til norske adelsmenn, vann på den måten greitt fram. Dette førte riksrådet inn på ei meir sjølvstendig linje, liknande det svenske og danske.

Amunds vidare liv er ukjent. Han kan ha fått Færøyane i len og teke dit etter opprøret, for så å kome tilbake til Noreg på midten av 1440-talet. Det er nemnt ein Amund Bolt i kjelder frå både 1445 og 1447, men det er usikkert om dette heller er ein slektning av Amund.

Kjelder

Magne Njåstad: Norvegr, bd. 2: 1400‒1840. Oslo 2011

«Amund Sigurdsson Bolt», lokalhistoriewiki.no, publisert 2013, https://lokalhistoriewiki.no/A... [lesedato 06.05.2019]


Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019