Hopp til innhold
X
Innhald

Andvake

Andvake var namnet på kong Sverres stridslur, og det er seinare brukt i fleire samanhengar.

Namnet Andvake kjem av norrønt andvaki, som tyder svevnløyse, aktsemd eller nattvake. Namnet er òg nytta om ei rekkje andre forhold, mellom anna som tittel på ein roman av Jon Fosse. Vidare er det namn på eit kvad av Snorre Sturlasson, på ei avis på landsmål og på Livstrygdelaget Andvake, som seinare gjekk inn i Gjensidige forsikring.


Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019