Hopp til innhold
X
Innhald

Anna Sophie

Anna Sophie, 1693–1743, var ei dansk-norsk dronning. Ho var gift med Fredrik 4.

Anna Sophie var dotter av storkanslar Conrad Reventlow og Sophie Amalie Hahn. Ho vart vigd til Fredrik 4. i 1712, som andre kone av kongen, i eit kjærleiksektskap «til venstre hand», med tittel fyrstinne. Då dronninga døydde i 1721, vart Anna Sophia opphøgd til dronning. I motsetning til dei andre dansk-norske dronningane var Anna Sophie ikkje av kongeleg byrd. Fredrik 4. og Anna Sophie fekk fleire ungar saman, men ingen vaks opp.

Dette andre, såkalla morganatiske ekteskapet var strengt ulovleg etter dansk-norsk lov og vart dårleg motteke hos kongefamilien elles, særleg hos kongen si mor. Då det regulære ekteskapet vart inngått, møtte forholdet sterk motstand frå kronprinsen og Fredrik 4. sine søsken. I 1725 vart dronninga skulda for å ha utnytta si stilling, og fleire embetsmenn som var knytte til henne, vart avsette. Etter kongens død i 1730 vart Anna Sophie forvist av kong Kristian 6. til slottet Clausholm på Jylland og tvinga til å gi frå seg store eigedomar, trass i at kongen hadde lova far sin å la dronninga behalde eit gunstig testament.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019