Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Pedersdotter

Anne Pedersdotter vart brend på bål i Bergen i 1590, etter å ha blitt dømd som heks. 

Anne Pedersdotter vart i 1552 gift med bergenspresten og historikaren Absalon Pederssøn Beyer, ein av dei fremste norske intellektuelle på 1500-talet. Anne vart brend på bål i Bergen i 1590, etter å ha blitt dømd som heks. Dommen skapte sterk splid mellom verdslege embetsmenn i Bergen og dei prestane som forsvarte Anne. Saka kan kallast startskotet for trolldomssakene i Noreg.

Papira frå rettssaka er særleg omfattande samanlikna med andre norske trolldomssaker, og er utgitt. Utdrag har òg vorte trykte i litterære verk, og saka har danna grunnlag for både bøker og skodespel.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019