Hopp til innhold
X
Innhald

Årmenn

Årmenn vart dei lokale tenestemennene til dei første norske rikskongane kalla.

Årmennene vart sette til å styre gardane til kongen, innkassere dei kongelege inntektene og til ein viss grad også utøve politi-, påtale- og straffemynde. Årmennene samarbeidde ofte med lokale lendmenn og hirdmedlemmer. Dei var avløyste av (bonde)lensmenn og sysselmenn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2017
Sist oppdatert: 13.03.2017